Referat frå møte i Informasjonsgruppa 13.04.15
Stad og tid: Flem skule kl. 20.00 – 21.30.
Desse var til stades:
Odd Einar Molnes, Tanja M. Otterlei, Trond Ravnestad, Andreas Flem, Linda N. Vedeld, Marion H. Bergheim, Ewa Piasecka og Knut Flem. Forfall: Olav Skarstein.
Sak 1. Kartlegging av lag og foreningar.
Andreas hadde laga forslag til skriv til lag og foreningar for å samle inn opplysningar. Etter kommentarar/forslag til endringar vart nytt skriv framlagt og godkjent. Andreas distribuerer skrivet og samlar inn oppysningane.
Sak 2. Referat frå styremøte 23.03.15
Tanja gjekk igjennom referatet og orienterte kort om sakene som var behandla på eit relativt langt styremøte.
Sak 3. Status for logo og bilde
Ewa viste forslag til logo og sidetopp frå bildegruppa. Sidetoppen består av tre bilder, men er ikkje ferdig. På det eine bildet bør der vere nokre levande vesen. Vi legg likevel denne sidetoppen inn på nettsida no, sidan den er finare enn den som er der.
Ewa og Olav lagar bilder som skal inn på nettstaden, mellom anna på fotoalbum. Dei bestemmer standard storleik slik at album o.l. fungerer greit og praktisk.
Når det gjeld fotoalbum, bør det leggast inn tekst på bilda som fortel kva dei viser.
Sak 4. Status for nettstaden
Knut sa at dersom nokon leverer stoff til ei side, vil han legge det inn. Når det gjeld bilete som illustrasjon til diverse ting, «bestiller» vi det frå fotogruppa dersom vi ikkje har noko høveleg tilgjengeleg.
Odd Einar lagar ei side om Kommunikasjonar, Tanja ei om Barnehage og skule, og Knut ei om Friluftsliv.
Til sidene Arbeidsplassar og næring og Bustad – eige eller leige trengst stoff frå dei respektive gruppene. Tanja nemner det for leiarane i dei to gruppene på styremøtet i morgon (14. april).
Trond viste kart med «turistinformasjon» som han arbeider med. Kartet blir forsynt med gode, tydelege ikon som blir plassert på alle aktuelle stader med litt informasjon om kvar stad.
Sak 5. Status for Facebook-sida
Facebook-gruppa (Tanja, Marion, Andreas og Odd Einar) har diskutert namn utan å konkludere. Infogruppa landa på Flemsøy/Skuløy, med 6293 Longva som undertittel. Odd Einar opprettar Facebook-sida og legg inn litt informasjon om Øyrådet og kva det arbeider med, men ventar med å publisere sida.
Sak 6. Felles nettportal for øyane?
Infogruppa vil foreslå å etablere ein nettportal for Nordøyane (med nordoyane.no som domenenamn) og ta kontakt med dei andre øyane for å høyre om dei er interessert. Tanja luftar idéen på styremøtet. Kommunen (Inger Synnøve Remme) bør òg kontaktast for å høyre om dei har planar om noko liknande.
Neste møte vart bestemt til måndag 18. mai kl. 20.00 på skulen.
Referent: Knut Flem