Referat frå møte i Næringsgruppa 05.04.17
Stad og tid: Flem skule kl. 18.30
Medlemer til stades: Rita Kvinge, Lisbeth Austnes, Jonny Flem, Birgit Kjerstad og Knut Flem
Forfall: Karoline U. Øines, Johan Longvanes og Rolf Longva
Sak 1. Evaluering av «miniseminaret» om reiseliv/turisme
- Forma med to foredrag + spørsmål og diskusjon fungerte bra
- 2 – 2,5 timar er høveleg
- Innhald: seriøst, jordnært og relevant; flinke foredragshaldarar
- Stort engasjement mellom dei vel 20 deltakarane, mange idéar kom fram
- Bevertninga fungerte godt (frukt, kaffi og rundstykke)
Sak 2. Vegen vidare med reiseliv/turisme
For å kome vidare med å utvikle reiselivet på øya, bør det opprettast ei eiga, sjølvgåande arbeidsgruppe (ikkje del av Øyrådet). Gruppa må bestå av folk som har interesse av og vilje til å jobbe med saka. Det er best om medlemene har eigeninteresse av å få til meir turisme/reiseliv i området, altså folk som vil produsere aktivitear/tenester som dreg turistar hit og får dei til å bli ei stund og bruke pengar her.
Mette Krogsæter har på spørsmål frå Knut sagt ja til å vere leiar i ei slik arbeidsgruppe dersom det kan skaffast mange nok interesserte medlemer. Birgit sa seg interessert i å vere med i gruppa. Forslag på andre å spørje var: Terese Longva, Ewa Piasecka, Frode Ravnestad og Elin Kj. Flem. Forslag på andre enn dei nemnde kan meldast til Knut.
Sak 3. Tema for neste seminar
Gruppa kom ikkje fram til noko konkret, så dette vert å ta att på neste møte. Vi ser etter idéar frå «brainstorminga» som vi gjorde for nokre møte sidan.
Sak 4. Eventuelt andre saker
Kommunen har sendt ut informasjon om at dei kan søkje om statlege midlar til utbygging av breiband der det er dårleg dekning/lav fart. Knut hadde snakka med Per Langnes, som meinte Haram er så bra stilt på området at det var lita von om statstilskot. Gruppa fann difor å ikkje ville engasjere seg i dette.
Møtet slutt kl. 19.30
Skrivar: Knut Flem