Referat frå møte i Næringsgruppa 09.10.17
Stad og tid: Flem skule kl. 20.00
Medlemer til stades: Jonny Flem, Karoline U. Øines, Rolf Longva og Knut Flem
Forfall: Rita Kvinge, Birgit Kjerstad, Johan Longvanes og Lisbeth Austnes
1. Besøk frå Nederland
- Under ein «arbeidsmiddag» hjå Mette og Uwe fortalde ein hollandsk gjest om sine tankar og idéar om «hydrogenhotell». Rita og Knut var der frå næringsgruppa. Nemninga på hotellet kjem av at naudsynt engergi skal produserast med hjelp av hydrogen, attåt vind- og solkraft. Konseptet var at det skulle byggast tolv einingar som skulle bestå av leiligheit, hotellrom og butikk. Den som ville, skulle kunne kjøpe ei slik eining og drive den. Det var snakk om små investeringar – heile hotellet skulle koste 3 mill. kroner. Mannen hadde sjølv ikkje nokon plan om å bygge hotell her, han ville berre plante idéen.
- Ein liten hollandsk familie med mor, far og eit tre månader gammalt barn var òg på vitjing og var på “middagsmøte” hos Uwe og Mette. Der var også Karoline og Lisbeth frå næringsgruppa. Familien var klar på at dei ville flytte ut av Nederland og busetje seg i eit romslegare land, mykje truleg Noreg. Ho hadde bakgrunn i marknadsføring og business, han hadde fagkunnskap som rørleggar og elektrikar og var elles ein «handyman» som m.a. hadde vore altmoglegmann på ei større verksemd. Begge var ivrige friluftsmenneske.
- Tidlegare var her også besøk av eit nederlandsk par som var interessert i å starte taredyrking i Noreg. Dei hadde eit gjennomtenkt og gjennomarbeidd prosjekt som dei presenterte for Øyrådet og nokre andre interesserte på Gunnabuda i mars 2017. Dei kom også tilbake på besøk til øya 17. mai. Planen deira er altså å starte med produksjon av tare og tareprodukt her i landet, men kvar dei endar opp med å etablere seg, er ukjent.
2. Disponering av arealet på øya
Det vert for tida arbeidt med ny arealplan for kommunen. Næringsgruppa meiner det er fornuftig å få utarbeidt eit forslag til disponering av arealet på øya og kome med innspel til dei i kommunen som arbeider med arealplanen. Forslaget til arealdisponeringsplan kan så leggast fram på eit ope møte der folk kan få kome med sine synspunkt og innspel. Ho som arbeider med arealplanen i kommunen, Hege Gjøsund, må involverast i dette. Øyrådet kan stå føre å få laga eit utkast og halde folkemøte, og Knut tek forslaget med til styremøte onsdag 11/10.
3. Eksisterande næringsliv
Det har tidlegare vore nemnt ein idé om å arrangere eit folkemøte der eksisterande næringsliv på øya kunne presentere seg. Gruppa var ikkje stemt for å gå vidare med denne tanken no, og saka er dermed lagt på is.
4. Samanslåing av tilflyttings- og næringsgruppa
Dette har også vore lufta tidlegare, og gruppa er framleis av den meining at dei to gruppene gjerne kan slåast saman, ettersom tilflytting/busetjing og arbeid/næring heng så tett saman. Knut tek forslaget med til styremøtet.
Møtet slutt kl. 21.30
Skrivar: Knut Flem