Referat frå møte i Næringsgruppa 2. juni 2015
Møtet vart halde på Flem Skule kl. 19.30 – 21.15
Malen Nogva sende melding om at ho ynskte å trekke seg frå næringsgruppa 2. juni.
Næringsgruppa har no fylgjande medlemer :
Birgit Oline Kjerstad (leiar), Rolf Longva, Johan Longvanes, Karoline Urke Øines.
Inger Synnøve Remme frå Haram Innovasjonsforum var invitert til møtet i næringsgruppa for å orientere om deira arbeid og drøfte korleis vi kan få til eit godt samarbeid framover. Hovudstyret i øyrådet vart informert om besøket på facebook og inviterte til å delta.
Desse møtte frå Næringsgruppa:
Rolf Longva, Karoline Urke Øines, Birgit Oline Kjerstad
Forfall : Johan Longvanes.
Frå hovudstyret møtte : Tanja Mjøs og Knut G Flem (vara)
Det var lagt opp til ein uformell presentasjon av Haram Innovasjonsforum, deira historie, korleis dei er organisert, og rolla dei etter kvart har fått i kommunen med eit spesielt ansvar for tilrettelegging for nærings- og samfunnsutvikling. Haram Innovasjonsforum ynskjer å få landbruket meir på banen i lag med dei andre næringsaktørane som allereie er med i forumet.
Vi drøfta ulike muligheiter framover og var innom fleire tema :
Maritim industri, omsorgstenester, reiseliv, landbruk, flyktningar og nye næringar i tilknytning til ny kunnskap og nye metodar for matproduksjon og oppdrett (Foods of Norway), kunst og tenestenæringar.
Vi var innom den vanskelege balansen mellom utvikling og vern i arealplanarbeidet. Uansett kva som skal gjerast med næringsutvikling og bosetting så vert det viktig å legge eit godt grunnlag i ein god arealplan. Det er sett i gang revisjon av kommuneplanen og arealdelen av denne. Om ein får utvikla ein god arealplan er det mykje lettare å få ting til vidare.
Haram Innovasjonsforum har ei rolle på vegne av kommunen i arbeidet med ny kommune- og arealplan. Arbeidet med arealdelen av kommuneplanen er nett sett i gang og skal vere ferdig om eitt til to år. Inger Synnøve Remme føreslo at det kunne vere lurt å halde eit aralplanmøte på øyane tidleg i haust der kommunen leiar møtet, gjer greie for rammene for arbeidet og der det blir mogleg å kome med innspel og drøfte planane.
Det er viktig å få til eit samarbeid på tvers av næringar og behov, for å få lagt eit fundament for ei god og berekraftig samfunnsutvikling. Det er og viktig å sjå arealplanlegginga i samanheng i eit større marknads- og boområde.
Haram Innovasjonsforum har ei rolle i samfunnsutviklingsarbeidet som er sett i gang i samband med at Nordøyvegen kjem. Telemarksforskning har fått i oppdag å lage ei samfunnsanalyse og denne skal presentarast på folkemøte på Haramsøya 15 juni.
Det er eit mål for kommunen å engasjere lokalsamfunnet i å utvikle og utnytte muligheitene som opnar seg i tilknytning til fastlandssambandet. Her kan øyrådet og dei ulike arbeidsgruppene vere ein nyttig samarbeidspartnar for kommunen og Haram Innovasjonsforum.
Birgit Oline Kjerstad