Referat frå møte i Skulebu-gruppa 03.01.16
Stad og tid: Sjurgarden kl. 15.00 – 17.00.
Til stades: Arnfinn Flem, Kåre Flem, Jan Arne Longva, Severin Longva og Knut Flem.
Sak 1. Ny leigeavtale for hyttetomt på Skulen
Då det viste seg at den tidlegare inngåtte avtalen om leige av hyttetomt på Skulen var litt for kort (21 år) i høve til søknad om spelemidlar, vart det bestemt å prøve å få ein ny leigeavtale på 30 år. Dette er no ordna. Alle grunneigarane har signert den nye avtalen.
Sak 2. Søknad om frådeling av tomta for «Skulebua»
Tomta der «Skulebua» skal plasserast må frådelast og matrikulerast slik at leigeavtalen med grunneigarane skal kunne tinglysast. Alle grunneigarane må vere samde i frådelinga. Fullmakter til å søkje om frådeling er innhenta frå alle grunneigarane slik at søknaden no kan sendast til kommunen.
Når frådelingsløyve ligg føre, skal det sendast til jordskifteretten, som så vil føreta sjølve frådelinga og matrikuleringa.
Sak 3. Bygging av hytta
Det meste er no klart til å starte å bygge hytta. Det er gjort avtale med N.L. Austnes om å få bygge modulane (vegger og tak) i deira lokale.
Det er bestemt kor stor hytta skal vere, byggemåte, utsjånad osv. Det står no att å få laga målsette byggeteikningar. Arnfinn spør Finn Rogne om han kan lage slike teikningar.
Så håper vi å få tak i ein del folk som er flinke til å snikre. Alt arbeidet skal gjerast på dugnad.
Sak 4. Grunnarbeid
Planen er å grave ut tomta, fylle med stein og støype fundament. Oppå vil det bli lagt tregolv. Golvet vil bli på om lag same nivå som terrenget ute. Rundt hytteveggene vil det bli lagt stein som m.a. kan brukast til sitjeplassar.
Referent: Knut Flem