Referat frå møte i Skulebu-gruppa 11.11.15
Stad og tid: Sjurgarden kl. 19.00 – 21.30
Desse var til stades: Jan Arne Longva, Severin Longva, Arnfinn Flem og Knut Flem.
Forfall: Kåre Flem
Sak 1. Orientering
- Eit brev med orientering om prosessen med å få eit bruksnummer på fellesarealet slik at tomtegrunn til Skulebua kan frådelast, er sendt til alle grunneigarane. Severin las opp brevet.
- Idrettsfunksjonell godkjenning av Skulebua vil kome fredag 13/11, eller seinast ein gong i veka etter. Når godkjenninga ligg føre, kan vi starte å bygge hytta.
- Det er lite sannsynleg at vi rekk å få søknaden om spelemidlar godkjent denne gongen. Dermed vert det å søkje på nytt neste haust.
- Marine Harvest, avd. Rogne, har gitt kr 12.000 i støtte til Skulebua.
,
Sak 2. Søknad om frådeling av tomtegrunn
Det er alt gitt byggeløyve for Skulebua, men for at leigeavtalen med grunneigarane skal kunne tinglysast, må også tomta der hytta skal stå frådelast. Søknad om dette skal sendast til kommunen. Det må innhentast fullmakt frå alle grunneigarane til å søkje om frådeling. Severin innhentar fullmakter og sender søknaden til kommunen. Gebyr for frådeling er kr 3.039.
Sak 3. Økonomi
Det vil bli samla inn midlar til Skulebua på ulike måtar, mellom anna ved å «gå på dørene». Bruk av betalingsterminal for kort vert vurdert å bruke ved slik innsamling. Innbetaling via mobiltelefon er ein annan måte som kan vere aktuell.
Sak 4. Momsrefusjon
Lag og foreningar kan få refundert momsen på kjøp av varer og tenester etter bestemte reglar. Knut undersøkjer om ein kan få både momsrefusjon og spelemidlar på Skulebua.
Referent: Knut Flem