Referat frå møte i Skulebunemnda 24.02.17
Stad og tid: Sjurgarden kl. 13.00.
Til stades: Severin Longva, Arnfinn Flem, Kåre Flem, Jan Arne Longva og Knut Flem.
I tillegg var Christian Rønning til stades for å orientere om verstasjon og webkamera.
Sak 1. Gjenståande arbeid
Lista over attståande arbeid som vart sett opp på førre møte vart gjennomgått. Ikkje noko på lista kunne strykast og ikkje noko nytt er kome til. Heile lista er å finne på møtereferat 14.01.2017.
Det som er gjort, er arbeid med infotavlene – sjå sak 5.
Sak 2. Webkamera og verstasjon
Christian Rønning var invitert til møtet for å orientere om verstasjon og webkamera. For å få desse tinga til å fungere må vi ha elektrisk straum. Det kan skaffast med solcellepanel/batteri. Då kan ein også ha litt lys i hytta og til dømes vegguttak for USB-lading av mobiltelefon. Eit komplett solcelleanlegg på 140 W vil koste 8.000 kroner, og eitt på 300 W kostar kr. 15.000. Det var semje om å gå for det sistnemnde.
Christian har snakka med Sunnmørsposten om eit samarbeid, noko dei er positiv til. I tilfelle kan vi få ein verstasjon som dei har på Harøya gratis. Sunnmørsposten vil då ha ein link på sine sider til vårt webkamera og kunne vise bilder herifrå. Vi vil òg ha linkar på vår nettside og FB-side. Webkamera finst i mange alternativ og må undersøkast nærmare. Sending frå kameraet må skje via mobilt nettverk. Kostnad med dette vil ligge på kr. 3.000 – 4.000 i året. Samarbeid med Sunnmørsposten kan redusere denne kostnaden. Christian vil jobbe vidare med saka, og kanskje kan det vere på plass til opninga av Skulebua 25. mai i år.
Sak 3. Helikoptertransport – stein og opningsdeltakarar
Det er planen å legge steinheller rundt heile hytta og eventuelt på gangstien frå postkassa bort til hytta. Steinen skal fraktast frå fjellskråninga lenger nede med helikopter.
Til opninga 25. mai er det planen å tilby folk som ønskjer det, helikoptertransport opp til hytta. Severin lagar plakat og henger opp på Øyråd-tavla på butikken, og Knut legg den ut på nettsida og FB-sida til Øyrådet. Severin tek imot påmelding frå interesserte. Påmeldinga er bindande.
På møtet ringde Severin til Norhelikopter v/Magnus Meringdal for å diskutere opplegg og vilkår for transporten. Til steinfrakting kjøper vi 15 – 20 sekkar av dei og fyller med stein (maks 1.000 kg). På eit avtalt tidspunkt ein gong etter påske flyg helikopteret sekkane opp til hytta. Flygeprisen vert den same som då dei flaug opp hytta.
Norhelikopter stiller òg til persontransport 25. mai om det blir aktuelt. Dei tek 4 – 5 personar pr. tur. Pris kr. 500 tur/retur pr. person. Oppmøtepris kr. 2.500. Helikopteret kan vente ein times tid før retur ned frå Skulen utan pristillegg.
Sak 4. Invitasjonsbrev
Severin hadde laga forslag til invitasjonsbrev til sponsorar og til andre som skal inviterast (sjå referat frå førre møte). Severin sender forslaga på epost til medlemene for vurdering og eventuelt framlegg til endring.
I invitasjonane må vi ta atterhald om brukbart ver og evt. nemne aktuelle «reservedagar».
Sak 5. Status bilder
Kåre har lest korrektur, retta feil og sett på namn som mangla. Han hadde med seg nokre bilder for å kvalitetssikre nokre namn på utsida av øya. Arnfinn har skaffa og saga kryssfinerplater og anna material som skal vere underlag for infotavlene. No gjeld det berre å få det opp på Skulen så arbeidet kan starte.
Sak 6. Andre saker
Ein del praktiske ting med opninga vart diskutert:
- Servering: fleire alternativ vart drøfta, m.a. brennsnut, rundstykke, kransekake, vaflar og brettkake. Vi landa på det siste og håper på litt «damedugnad».
- NRK Møre og Romsdal bør kontaktast (og sjølvsagt andre media i området).
- Vi må ha ein parkeringsplan oppe i Flemsdalen. Må sondere og finne beste plassen for helikopteret. Må ha parkeringsvakt(er). Oppmode folk som kan, om å gå heilt nedanfrå.
,
Stoda for spelemidlar til Skulebua:
Andre gongs søknad vart sendt ei stund før jul. Vi har fått tilbakemelding om at det manglar «dokumentasjon på rett til bruk av grunn» (same som i fjor). Vi har no sendt dei signerte avtalane, men utan at dei er tinglyst vert det sikkert ikkje godkjent. Det er no eit håp om at frådeling av tomta og dermed tinglysing kan skje i løpet av mars/april, slik at Skulebua kanskje kan kome med i denne runden.
Møtet slutt kl. 15.30
Skrivar: Knut Flem