Referat frå møte i Skulebunemnda 27.07.17
Stad og tid: Sjurgarden kl. 13.00
Servering av gode rundstykke med godt pålegg – pluss Kåres blåbærsylte – samt te og kaffi.
Medlemer til stades: Severin Longva, Arnfinn Flem, Jan Arne Longva, Kåre Flem og Knut Flem.
Forfall: Christian Rønning
Sak 1. Status på resterande arbeid
- Skorstein: Arnfinn kontaktar Harald Otterlei for fagleg bistand, og vi tek sikte på å få pipa på plass neste veke.
- Toalett: vert utsett inntil vidare.
- Solid, permanent dørstoppar vart ferdig i går.
- Lukkemekanisme på døra manglar framleis. Det er tvil om dette er naudsynt og vert utsett.
- Pengeskrin for donasjonar til Skulebua er avlegs –i staden vil vi ha eit opplegg med Vipps.
- Førstehjelpsutstyr: eit lite skap vert hengt opp.
- Hyttereglar og liste over støttespelarar: Kåre lagar rammer. Knut sjekkar om Oddgeir skal på lista, Kåre sjekkar med Motek.
- Rydding og vasking ute og inne. Pallen sagar vi til ved, og fjølene dreg vi ned med handemakt. Jan Arne rensar glasa ute, Knut kostar og støvsuger inne. Deretter vask/støvtørking.
- Webkamera: ikkje noko konkret nytt. Nemnda var samd om at kostnaden må haldast på eit moderat nivå.
Sak 2. Bestilling av helikopter
Avtalen med Nord Helikopter går ut på kr. 2.500 for oppmøte og kr. 500 pr. Person tur/retur. Helikopteret ventar ved Skulebua til opningsseansen er over. Severin gjorde avtale om helikopter til 12. august i telefonen med Magnus Meringdal, og vil følgje opp pr. epost.
Sidan det vert mykje trafikk oppover fjellvegen til Bergedalen denne dagen, vert landingsplassen for helikopteret ved Rolls-Royce (om vi får løyve). Ein person bør vere til stades ved startplassen, og vi spør om nokon frå Nordøy IL, som er ved skulen i høve bakkeløpet, kan stille.
Til no er det ingen som har meldt seg på helikopterskyss. For å gjere det litt enklare for folk å melde seg på, spør vi Janne Flem om ho/butikken kan ta imot påmelding.
Knut henger opp plakat på butikken og legg ut info på Facebook (er alt lagt ut på nettsida).
Sak 3. Servering og logistikk for den
Grillar må klargjerast og tendar testast. Bør ha backup for opptenninga. Nokon må fyre opp grillane i god tid før kl. 13. Meir grillkol må fraktast opp.
I staden for kaker satsar vi på skulebollar. Kåre spør Vallaker om vi får kjøpe 200 bollar for 5 kr stk. (eller mindre). Nokon må stå føre utdelinga av bollane. Dersom det ikkje vert helikopter, må vi organisere bering av pølser og skulebollar til fjells.
Sak 4. Kven gir beskjed til inviterte i tilfelle dårleg ver/utsetting?
Severin lagar liste og vi deler på å ringe rundt.
Sak 5. Kven inviterer media?
Knut sender pressemelding til Nordre, Sunnmørsposten, Nytt i Uka og NRK. Severin kontaktar Olav Skarstein for evt. intervju.
Sak 6. Har Linda bekrefta at ho står for opninga?
Det har ho. Vi må ta imot henne og dei andre inviterte gjestane. Nemnda stiller med Skulebu-caps og viser på den måten kven som er vertskap.
Sak 7. Økonomistatus
På konto pr. i dag er kr. 4.374,50. Ubetalte rekningar/uteståande utgjer om lag kr. 10.000.
Sak 8-9. Musikkinnslag og hyttebok
Begge delar er på plass.
Sak 10. Anna
- Straumaggregatet vert ikkje frakta ned i denne omgang; før opningsdagen vert det plassert på hemsen og evt. køyrt ned med snøscooter i vinter.
- Måling av benkane ute: ventar eit år for å sjå korleis dei tek seg ut då.
- Programleiar: Severin
Program: 1) Velkomsthelsing og historisk oversyn over prosjektet. Overlevering av hytta til øya/bygdefolket v/leiaren i Øyrådet; 2) Musikk; 3) Opning av hytta.
Servering av pølser og skulebollar går føre seg heile tida. - Vi spør Nordøy IL om dei tek seg av trafikkavviklinga opp på fjellet.
- Kåre får tak i “skydd” til å ha på vaierane.
Møtet slutt kl. 15.15
Skrivar: Knut Flem