Referat frå møte i Tilflyttingsgruppa 03.11.16
Til stades på møtet: Severin Longva, Uwe Kleinhans og Mette Krogsæter
1. Besøk av potensiell tilflyttar frå Nederland
Vedkomande kjem på besøk 17.-20. november. Vi diskuterte kva vi kan tilby under opphaldet, og vart enige om at vi prøver å få til ei uformell samling heime hos oss fredag kveld (Pascal & Eva + ein annan familie med små born). I tillegg har vedkomande bekrefta at han vil vere med på idrettsfesten på laurdag. Mette følger opp Pyro og Nogva ang. jobbsamtaler for han på fredag.
2. Andre Placement-kontakter:
Placement har kontakt med to andre familiar frå Nederland som kan vere interessert i å flytte hit til øya.
3. Oppfølging av utflytta øyingar
a. Severin skal jobbe vidare med å oppdatere Excel-arket med navn på utflytta øyingar med kontaktinformasjon (adresse, telefonnummer, Facebook-profil) – Mette sender over det vi har til Severin.
b. Skal vi prøve å få til ei tilflyttarsamling i samband med opning av Skulebua 25. mai neste år? Dette er noko vi kunne invitert utflytta øyingar til. Vi tek med denne idéen vidare til styret.
4. Vertskapskurs i regi av Placement
Vi vurderer å få til eit kurs i vinter (januar?) – Mette tek kontakt med Gert for å finne aktuelle datoar. Vi hadde litt diskusjon om korleis vi skal kunne «selge inn» dette kurset, slik at folk kan tenke seg å delta.
Longva, 5/11-2016
Mette Krogsæter