Referat frå møte i Tilflyttingsgruppa 07.04.16
Til stades på møtet: Gerd Rietman, Severin Longva, Kåre Flem, Arne Borge, Uwe Kleinhans og Mette Krogsæter
1. Oppsummering Placement
Vi gjekk gjennom status når det gjeld interessentar – bl.a. er det fleire rørleggarar som er interessert, også elektrikarar og bønder etc.
2. Informasjon
a) Vi skal lage ein presentasjon av øya og tilflyttingsprosjektet med viktig info + kontaktpersonar (og bilde) og sende til Gerd – han overset til nederlandsk og sender vidare til interessentar. (Vi fordelte ikkje ansvar her – dette må vi straks kome tilbake til)
b) Innspel til bustadgruppa: fint om de kan oppdatere + lage utfyllande informasjon (helst med leigeprisar og bilde) når det gjeld utleigebustader
c) Innspel til mediagruppa: fint om de kan legge inn ei side under nordoy.net med informasjon om øya på engelsk
d) Innspel til næringsgruppa: fint om de kan kartlegge aktuelle lokale som kan nyttast til næring (f.eks. til småskala matproduksjon)
e) Vi kan oppdatere Gerd om spesielle datoar med arrangement på øyane (kan vere interessant for besøkande – f.eks. Syftesok, Havgaprock, …)
Referent: Mette Krogsæter