Referat frå møte i Trivselsgruppa 24/4-2017
Referat frå møte i Trivselsgruppa i Øyrådet for Flemsøy/Skuløy måndag 24.04.2017.
Sak 1: Vakter til dansen 05.mai. To vakter har meldt fråfall, Johanne og Arnfinn. Sigrid Rogne går inn i staden for Johanne. Arnfinn spør Christoffer Gjerde om å stille i staden for seg. Karoline Urke Øines stiller òg. Ho går inn dersom Uwe Kleinhans ikkje kan stille.
Sak 2: Påmeldingar til «Klypa». Om lag 100 personar er førehandspåmeldt til showet. Det er førehandspåmeldt om lag 60 personar til dansen. Vi håper at mange bestemmer seg for å ta turen i siste liten.
Sak 3: Buss heim frå dansen. Prisen er 4300kr. Vi går for å sette opp buss heim frå dansen. Grete sender mail om dette, og gir dei kontaktinfo til Gjertrud.
Sak 4: Omtale i media. Olav Skarstein har teke på seg å skrive om arrangementet i forkant, slik at folk kan lese om det i «Nordre».
Sak 5: Praktiske oppgåver. Torsdag 04.mai er det kino på Nordøy Grendahus. Gjertrud kontaktar Tor Erik Husevåg og ber dei la stolane stå att etter kinoen. Resten av stolane som må opp, lyt setjast opp tidleg på fredag. Dette ordnar Gjertrud, Per Gunnar og Karianne. Gjertrud kontaktar Inger Beate om vask etter arrangementet. Evy lagar prisliste til kiosken. Gjertrud ordnar vekslepengar. Trivselsgruppa møter 17.30 fredag. Dansevakter som ikkje er tilknytt Øyrådet, får melding om oppmøte seinare.
Sak 6: Billettsalg Billettsalg på butikkane 28.-29.april går ut. Det har vore lite respons. Onsdag 03.mai blir det henting / salg av billettar til «Klypa» og dansen, frå klokka 18.00-20.00 i vestibyla på Nordøy Grendahus. Gjertrud og Karianne står for dette. Evy lagar plakat om dette og set opp på Coop marked Longva og – Haramsøy. Det må kome fram av plakatane at ein også kan få kjøpt billettar ved døra. Ref. Karianne Urke