Referat frå ope møte om turstiane på øya 25.april 2018
Arrangert av Trivselsgruppa i Øyrådet for Flemsøy/Skuløy.
Desse var til stades: Arnfinn Flem, Birgit Fjelle, Johanne Flem, Johnny Austnes, Olav Skarstein, Arvid Tomren, Kyrre Aasen Rogne, Sigrunn K. Longva, Jan Arne Longva, Evy M. H. Rogne, Elias Rogne, Trond Ravnestad, Uwe Kleinhans, Per kåre Flem, Grete Vindsnes og Karianne Urke.
Arnfinn Flem ønskte velkommen og innleia med å seie nokre ord om kvifor Trivselsgruppa i Øyrådet har kalla inn til møte. Trivselsgruppa har teke initiativ i saker som til dømes bygging av Skulebua, arbeid med området rundt Flem skule, og oppføring av kafétilbygg ved Coop Marknad Longva.
Det finst mykje god dugnadsånd på øya, og målet med møtet er å sjå om vi kan få sett i gong grupper som vil ta på seg å sette i stand nokre av turstiane på øya.
Longva Vel, Nordøy Idrettslag (NIL) og Flem Vel har opp gjennom åra utført ein del arbeid for å halde turstiane opne. Likeeins har privatpersonar rydda og klipt langsmed råsene.
Fjellvegen (frå Flem 1 og opp til fjøsen) er eit eige prosjekt, der ei gruppe personar er i gong og planlegg arbeid og finansiering for å utbetre denne vegen.
Til dette arbeidet trengs det større maskiner for å få drenert vekk vatnet som grev ut vegen. Dette arbeidet er ikkje i regi av Øyrådet.
Møtet vart samde om å kome fram til ei liste over turstiar som må prioriterast i første omgong:
- Stien over Halsane til Støene: Arnfinn Flem har tatt på seg å få samla ei gruppe som kan utbetre denne vegen, som er ein av to «Stikk-ut-turar» på øya vår. (Kanskje kan han få med seg nokre personar frå NIL.)
- Vegen frå gravstaden via Djupedalen og heilt fram til Rogne vassverk: Her tek Jan Arne Longva på seg ansvar for å få i gong ei arbeidsgruppe.
- Midtremma (Oskevegen):Dette er kommunal veg, men den står nok ikkje øvst på lista over vegar som kommunen skal vedlikehalde. Styret i Grunneigarlaget såg seg ikkje syn med å ta på seg denne oppgåva, og spelte ballen vidare til Longva Vel. Uwe Kleinhans tok på seg jobben med å få nedsett ei dugnadsgruppe. Grunneigarlaget rår over ein del midlar, men til arbeidet med vegen må det påreknast arbeid med gravemaskin for å få lagt ned dreneringsrør.
- Vegen frå Halsane og ned til Knutgarden på Flem: Denne oppgåva blir Flem Vel oppmoda til å ta på seg ,og dei blir bedne om å ta initiativ overfor grunneigarar som soknar til vegen).
Etter møtet står vi med 3 prosjekt som er prioritert, og eit fjerde prosjekt i emning, dersom Flem Vel tek oppmodinga.
Eit anna prosjekt som òg vart nemnt er stien frå Fjellvegen og opp til Skulen.
Enkelte parti er svært opptrakka og blaute. Her kan det leggast ned tre-klopper slik at ein kjem seg over dei våte partia, men i dette området er det ikkje lov å begynne med grave- og dreneringsarbeid.
Det vart diskutert på møtet om ei sentral gruppe burde ha oversikt over midlar og ressursar som trengs i dei ulike arbeida. Møtet kom til at dei ulike gruppene bør arbeide sjølvstendig og planlegge arbeid og finansiering sjølve. I Øyrådet er det folk som har erfaring med å søkje prosjektmidlar, t.d. Knut Flem og Severin Longva.
Elles har det tidlegare vore arbeidd med å få til sykkelveg på baksida av øya i Gamle Ura. Dette er noko som må inn på den nye arealplanen. Kommunen har kome eit stykke på veg med dette arbeidet, og er kanskje klare til å orientere om det til hausten. Det er eit arbeid det må jobbast med på lengre sikt.
Det var mange innspel på møtet, og flott at så mange møtte opp. Konklusjonen etter møtet var: «Vi er i gong!»
Ref: Karianne Urke