Referat frå styremøte 21.01.2020
Styremøte tysdag 21. januar 2020 kl. 19.00 i vestibylen på grendahuset.
Til stades: Grete Vindsnes, Kyrre Aasen Rogne, Gjertrud-Marie Longva, Marion Høistad Bergheim, Karianne Urke (vara), Lisbeth Austnes (vara) og Knut Flem (vara).
Forfall: Uwe Kleinhans og Bjørn Longva
Sak 1. Årsmøte
Årsmøtet vart bestemt til tysdag 25. februar kl. 19.00 på Flem skule. Valnemnda må tre i kraft, og gruppene må skrive sine årsmeldingar.
Infogruppa syter for å lage plakat og henge opp på høvelege stader. Plakaten vil òg bli lagt ut på nettsida og Facebook-sida.
Trivselsgruppa ordnar med møterom og kaker/kaffi.
Sak 2. Status/rapport frå gruppene
Trivselsgruppa
Trivselsgruppa vart invitert/utfordra til å delta i «Farmen-leikar» på Haramsøya hausten 2019. Det var positivt og gav meirsmak (vi vann), og det er bestemt til å invitere til gjenvisitt her på øya 5. september d.å. Gruppa har elles planar om quiz-kveldar på Kvileheimen og dessutan temakveldar med ulike tema.
Infogruppa
brukar Facebook-sida og deler aktuelle ting. Arrangementslista for våren vil bli lagt inn på aktivitetskalenderen på nettsida.
Bustadgruppa
ventar på at den nye arealplanen skal bli vedteken av kommunestyret.
Næring/tilflytting
hadde heller ikkje noko nytt å melde.
Sak 3. Kandidatar til kommunedelutvalet Nordøyane
Det skal utnemnast kommunedelutval i dei ulike delane av nye Ålesund. Lepsøya, Haramsøya og Flemsøy/Skuløy utgjer kommunedelen Nordøyane. Øyrådet vil melde inn følgjande kandidatar herifrå: Reidunn Rogne Flem, Kari Rogne Kolseth, Johan Longvanes, Odd Einar Molnes og Evy Maritha Hellebust Rogne. Dei bør spørjast om å stille som kandidatar før dei vert meldt inn. Vara i tilfelle nokon av dei takkar nei, er Julie Norvoll Longva og Sybell Agathe Flem Rogne.
Sak 4. Kafébygget
Fundamentet er ferdig, og byggegjengen er klar til å røyse bygget oppå. Material er under bestilling, og grovbygget skal etter planen stå ferdig til påske. Sidan dette er eit slags forretningsbygg, er det vanskeleg å få sponsorbidrag. Til no har vi om lag 200.000 kr til disposisjon, det meste frå lag og foreiningar på øya (100.000 frå Øyrådet). Etter kalkylen er det behov for godt og vel 100.000 til. Alt arbeidet vert gjort på dugnad.
Møtet slutt kl. 20.15.
Skrivar: Knut Flem