Referat frå styremøte 23.03.15
kl. 19.30- 22:00 på Flem skule
Til stades:
Lidvar Rogne, Knut G. Flem (vara for Bjørn Longva), Joar Haram, Tanja Mjøs Otterlei, Birgit Kjerstad, Per Olav Vedeld, Mette Krogsæter
Sakliste
1.Konstituering av styret.
Skrivar: Tanja Otterlei
Nestleiar: Mette Krogsæther
Kommunikasjon: Leiar vil ha ein kontakt mot mediagruppa . Forslag: Odd Einar. Lidvar tek kontakt med han.
Merknad til innkallinga: Vara bør få kopi av innkalling (og referat frå møta).
2.Statusrapport frå dei enkelte arbeidsgruppene.
(Dette bør vere fast post i styret for øyrådet for å samle trådar. Forslag om at alle gruppene sender referat frå sine møte i forkant av styremøta. Lidvar lagar forslag til mal.)
Statusrapport frå Mediagruppa:
Mediagruppa hadde møte den 16/3. Saker som blir jobba med:
a) Namn på domene: 3 forslag:
www.nordoy.net, www.havtun.no og www.havkanten.no
Etter avstemning i styret vart www.nordoy.net valt som domenenamn.
I tillegg er www.nordoyane.no reservert for framtidig bruk. (Felles portal for Nordøyane?)
b) Nettstad for øya. (Knut viste demo-side som han har begynt å jobbe med.)
c) Facebook-side for øya skal opprettast.
d) Logo er under utarbeiding. (Styret vil gjerne bruke det til brevmalar m.m.)
(Neste møte i mediagruppa er måndag 13. april 20:15 kl. 20.00 på skulen eller Rolls-Royce.)
Statusrapport frå Økonomi-gruppa:
a) Flygeblad til postkasser med innbetaling. Utkast til skriv blei drøfta. Ein bør gå for giro.
b) Bankkonto: Styrevedtak på at leiar og nestleiar skal ha tilgang til kontoen: Bjørn Longva og Knut G. Flem. (Protokoll på styrevedtaket sendast til banken.)
c) Økonominemnda jobbar også med ei oversikt over tilskuddsordningar. Når økonominemnda skriv søknader må ein ofte skrive under med leiar sitt namn. Dette vart klarert med Lidvar.
d) Vi har fått eit tilskudd på 20.000 kr. frå Annasthe AS.
Statusrapport frå bustad-gruppa:
a) 13 kommunale tomter er klare, med unntak av dei tomtene som ligg ved brannstasjonen.
b) Det blir jobba med kartlegging av private tomter,
c) Det blir jobba med kartlegging av husa på øya. Kva hus står tomme/ som kan vere aktuelle for å leige eller kjøpe.
d) Regulering av tomter på Sjurgarden er i gang. (hytter/rorbuer.)
e) Evt. ledige båtplassar? (Lite ledige båtplassar?)
f) Plass til bubil? Eventuelle hyttetomter? (Framtidig kartlegging?)
g) Bustadgruppa har fått innspel om interesse for å bygge ut nøkkelferdige leiligheter.
h) Offentleggjering av tomter m.m. på den nye heimesida. Ein bør legge ut kart m.m. slik folk ser kva som finst. (Viktig å få avklart med private først.)
i) Birgit oppmoda om samarbeid med Bondelaget om ein skal begynne å sjå på endring i arealplan. (Men dette ligg litt fram i tid.)
Rapport frå trivselsgruppa:
– Per Olav har ikkje vore på nokon av møta, men har fått referat.
3 fokusområde som har blitt jobba med til no:
a) «Heimkomehelg»
b) Turmarsj for øyane med guida turar. (evt i samarbeid med idrettslaga)
c) Enkel kafe (på gamleskulen e.l.)
Vidare har Per Olav fått innspel om å jobbe med følgjande i trivselsgruppa:
d) Sykkelsti på baksida av øya
e) «Skulebu»- hytte på Skuletoppen. (Begge desse i samarbeid med andre lag på øya.)
Trivselsgruppa er stor, og ein bør kanskje dele seg i undergrupper. Det har kome fram ein del skepsis til «heimkomehelg». Nokre meiner her er nok arrangement og at det kan virke ekskluderande t.d. i forhold til Haramsøya. Dette vart drøfta i styret, utan at vi kom fram til ein endeleg konklusjon.
Lidvar er gjerne med på neste møte i Trivselgruppa for å nøste opp/stille seg til disp.
Arbeid og nærings gruppa hadde ikkje hatt møte sidan sist. (Men Birgit ville kalle inn før neste styremøte.)
Tilflyttargruppa:
Har hatt kontakt med Placement og kontakt med Terese Brudvoll i Haram kommune/ «Bulyst.»
Det kan vere aktuelt å ta eit møte med desse, der ein inviterer også frå dei andre øyane. Når det gjeld tilflytting vil det vere naturleg med eit samarbeid med andre øyar.
3. Lukket facebook-side for styret. Tanja opprettar gruppe.
4. Arbeidsoppgåver for styret. (I forhold til arbeidsgruppene)
Koordinere arbeidet mellom gruppene. Styret er einstemmig i at når det er saker som er naturleg å samarbeide om med dei andre øyane, så gjer vi det. – Offentlege uttalar på vegne av øyrådet må vere klarert med styret. (Arbeidsoppgåvene for styret bør ein også snakke meir om neste gong.)
Nytt møte i veke 17: Tirsdag 14/4 kl. 18.30. Skrivar: Tanja Otterlei