Referat frå styremøte 31.08.2017
Stad: Flem skule. Møtestart kl. 18. Slutt kl 19.
Desse møtte: Lidvar Rogne, Uwe Kleinhans, Gjertrud Longva, Tanja Otterlei, Jan Arne Longva.
Forfall: Knut G. Flem, Bjørn Longva.
Sak 1: HaNo dagane.
- Øyrådet stiller stand på Hano dagane.
- Lidvar lagar vaktliste og sender til dei som skal vere på vakt.
- Tanja organiserer bestilling/sal av Skulebu-t-skjorter. Tek med klesstativ. Lidvar ordnar «prøverom.»
- Lidvar spør Knut om han kan lage ein presentasjon av prosessen med Skulebua. (bilder o.l.)
- Jan Arne ordnar med å få trykt opp kart og «reklame» for ledige tomter og boligar til salgs/ til leige.
- Det kan gjerne bli trykt opp medlems-giroar. (Ansvar: Økonomi.)
- Øyrådet har fått VIPPS:
- foreningskontoen for Øyrådet har Vipps-nr. 121979. Skulebua sin konto: 122187
- Etter drøfting i styret kom vi til at T-skjortene bør betalast inn på foreningskontoen.
- Vipps kan vere aktuell betalingsmåte for både t-skjorter og medlemskontingent.
Sak 2: Dans i regi av øyrået? På lista til samarbeidsutvalet står det at Øyrådet skulle arrangere dans den 9.september. Dette blir det ikkje noko av. Lidvar formidlar beskjed til Jonny Sylte (Lista for Samarbeidsutvalet). Det kan vere aktuelt å arrangere noko til våren.
Sak 3: Tilflyttingsgruppa har stadig kontakt med nederlanske familiar. Her var ein nederlandsk familie i sommar. Det hadde vore greitt å hatt nokre «vertskaps-familiar» i «rett» alder. Det kan kanskje vere lurt å vende seg til foreldre som har barn i barnehage- eller skulealder.
Sak 5: Skulestruktur. Det blir eit folkemøte om skulestrukturen i Haram i månadsskifte september/oktober. Stad: ID-huset. Mest sannsynleg 27.september. Her kan det vere aktuelt å stille med nokon frå øyrådet. Framtidig skulestruktur i kommunen skal vedtakast i kommunestyret den 2.november 2017. Før vedtaket blir det høyringsrunde.
Sak 6: Permisjon. Lidvar Rogne søkjer om permisjon som styreleiar. Uwe Kleinhans (nestleiar) blir fungerande leiar i mellomtida.
Referent: Tanja Otterlei