Referat frå styremøte i Øyrådet 06.08.15
Stad og tid: Flem skule den 6.august 2015 kl. 19-21.
Medlemer til stades:
Lidvar Rogne, Arnfinn Flem, Mette Krogsæter, Joar Haram, Tanja Mjøs Otterlei, Knut Flem (vara)
Forfall: Birgit Oline Kjerstad
Sak 1: Hovudsak for møtet: Planlegging av stand under Hano-dagane.
-Lidvar avklarer kven som kan møte frå dei andre øyane.
-Lidvar kontaktar Nordøyvegen AS og Hopp-ID kontoret for å høyre om dei kan bidra med noko.
– Vi lagar stand med kafebord og litt småmat og bite i. (Lidvar og Mette vil gjerne kome med idear til litt «spennande» mat som er enkelt å lage og servere. Trivselsgruppa bidreg gjerne med matlaging.
– Ein treng veggar til å henge opp diverse plakatar (kart over ledige tomter m.m.)
– Utstyr til vising av lysbilder og pc med stor skjerm til å promotere heimeside og Facebook-side.
– T-skjorte med logo? (Tanja tek denne vidare til informasjonsgruppa) Det er også snakk om å lage ein liten informasjonsfoldar om Øyrådet.
– Trivselsgruppa har også ide om ei spørjeundersøking og/eller konkurranse. Vil gjerne få inn spørsmål frå dei ulike gruppene før neste styremøte.
– Medlemsverving. (Økonomigruppa kan gjerne tenkje ut korleis.)
– Overskrift på standen: «Nordøyane» e.l. (Her kan gjerne informasjonsgruppa ta saka.)
– Styret i Øyrådet stiller som arrangør av standen, men kan gjerne få med seg fleire som har lyst å delta aktivt.
Sak 2. Hus til sals på Longva.
Det blir snart eit hus til sals på Longva («Hansen-garden»). Korleis få potensielle barnefamiliar til å kjøpe? Øyrådet kan gjerne drive litt reklame og tipse aktuelle personar når prospekt ligg føre. I tillegg dele annonse på Facebook og på Nettsida.
Sak 3. Informasjonsmøte om kvileheimen
Lidvar har no vore i kontakt med Ordføraren og han vil ta initiativ til eit opplysningsmøte om planane for Kvileheimen på Longva.
Sak 4. Økonomi/Føring av dugnadstimar
For å få utløyst midlar frå bygdemobiliseringsprosjektet må ein kunne dokumentere at ein har lagt ned ein del arbeid. Kvar gruppeleiar har i oppgåve å «samle inn» dugnadstimar frå sine grupper. Dette gjeld dugnadsarbeid/ møter etter den 27.mai.
Ein anna ide for å få inn pengar til Øyrådet er å arrangere ein fest/dans med litt mat og musikk.
Sak 5. Oppfølging av idear på folkemøte om «Å møte vegen.» .
Haram Næring og Innovasjonsforum skal ha ein workshop den 9.spetember for inviterte aktørarar. Ein skal ta for seg idear som kom fram under folkemøta på Haramsøy 15. juni og Harøy 22. juni, i tillegg til nye idear som vi kan kome fram til. Birigit Oline Kjerstad og Tanja Otterlei er invitert som representantar frå Flemsøy/Skuløy.
Neste møte i Styret vert torsdag den 27.august kl.19 på Flem skule.
NB! Alle undergruppene må halde møter før den tid, for å klargjere kva dei konkret kan bidra med til standen på Hanodagane.
Referent: Tanja Mjøs Otterlei