Referat frå styremøte i Øyrådet 09.03.17
Desse møtte: Knut G. Flem, Lidvar Rogne, Gjertrud Longva, Jan Arne Longva, Uwe Kleinhans. Forfall: Bjørn Longva.
Start kl. 18.00- slutt kl.19.30
Sak 1. Gjennomgang av referat frå årsmøtet. Viktig sak som må takast att: Manglande rekneskap og val av revisorar. Blir utsett til Bjørn Longva kjem att. Uwe Kleinhans vil hjelpe Økonomigruppa til med å finne eit godt system. Lidvar kontaktar aktuelle personar om dei vil stille som revisorar.
Sak 2. Konstituering av styret. Leiar: Lidvar Rogne. Nestleiar: Uwe Kleinhans. Skrivar: Tanja Otterlei.
Sak 3. Status frå arbeids gruppene.
- Trivsel:
- Det går bra med salget av billettar til Klypa-showet. (Showet i Brattvåg er avlyst.)
- Tilbygget Coop. Mange lause trådar enno. Gruppa jobbar vidare, men blir bedne om å danne ei formell gruppe som lagar framdriftsplan og at det blir skrivne referat frå møta.
- Skulebua: Helikopter er bestilt til opninga 25/5. Gjenståande arbeid er planlagt fram mot 25/5.
- Mediagruppa: Skal ordne med t-skjorter til opningsdagen av skulebua.
- Næringsgruppa: Arrangerer mini-seminar om reiseliv tysdag 21.mars på Gunnabuda.
- Økonomi: Har bestilt 3 Coop kort til innkjøp på butikken.
- Giroar med medlemskontingent blir køyrt rundt i postkassene.
- Bustad-gruppa: Jan Arne Longva tek kontakt med kommunen for å høyre kva planane er for møter når det gjeld arealplanlegging.
Sak 4. Saker som kjem til.
- A) Besøk frå Nederlandsk familie som er interessert i å etabelere taredyrking.
- Måndag 13.-16.mars. Gunnabuda. Dei skal ha møter med Møreforsking og Haram Nærings og innovasjonsforum. Har også avtale med Marine Harvest. Dei vil halde ein presentasjon om sine planar om taredyrking for øyrådet og andre interesserte på Gunnabuda onsdag 15/3 kl.18.
- B) Tilflyttingskurs v/Gert Rietmann/Placement: Laurdag 1.april.
«Kurset deles opp i fire deler:
- Rekruttering & formidling. På hvilken måte kommer din kommune i kontakt med nye innbyggere? Hva gjør kommunen for å rekruttere nye innbyggere. Hvilke forventninger skaper kommunen? Ti viktige forutsetninger for vellykket rekruttering.
- Mottakelse & vertskap. Hvordan tar man imot nye innbyggere? Hva er forventninger av tilflyttere? Kulturforskjeller. Vertskap, vertskap & vertskap. Riktig henvisning til riktig instans.
- Oppfølging & veiledning. Viktigheten av oppfølging. Gode eksempler. Forventninger av tilflyttere. Utfordringer underveis.
- Konsolidering og integrering. Hvordan beholde tilflyttere? Kommer de til å bli boende i kommunen? Kontrollspørsmål for integrering.”
- Mette Krogsæther treng påmelding innan 21.mars til. NB! Kvar gruppeleiar må kontakte sine medlemmer for å høyre kven som har anledning til å delta på dette. Flest mogleg bør stille. Påmelding til Lidvar (47274218) eller Uwe ( 91589668).
- Tanja lagar plakat når vi ser kor mange plassar som står att. (Det er 30 plassar på kurset.)
- Lage invitasjon til Lepsøy bygdeutval og representantar frå andre øyar i tillegg, dersom ein ser at det blir plass.
Skrivar Tanja Otterlei