Referat frå styremøte i Øyrådet 11.04.18
Onsdag 11. april 2018 kl. 18.30 i vestibylen
Desse var til stades: Uwe Kleinhans, Jan Arne Longva, Ewa Piasecka, Grete Vindsnes og Knut Flem. Forfall: Bjørn Longva
Dessutan møtte leiar i valnemnda, Roy Kolseth, vedr. sak 1, og Arnfinn Flem vedr. sak 2.
Sak 1: Kandidat til vervet som styreleiar
Valnemnda har vore i aktivitet og kontakta fleire potensielle kandidatar til vervet som styreleiar. Alle som har vore kontakta har takka nei, bortsett frå ein. Vedkomande vil ha litt meir informasjon om organisasjonen og kva jobben går ut på. Uwe kontaktar han pr. telefon og avtalar eit møte.
Sak 2: Nemnd for fjellvegen
Grete og Arnfinn i trivselsgruppa har teke initiativ for å få utbetra fjellvegen på Flem frå Lars K. Nogva og opp på røra. Arnfinn har snakka med tre mann som er villige til å sitje i ei nemnd som skal arbeide med saka: Anders Flem, Aage Flem og Geir Longva. Det er ønskjeleg at nokon frå Nordøy IL blir med i gruppa, og Arnfinn vil prøve å ordne det. Formelt er fjellveg-gruppa ei undergruppe til trivselsgruppa.
Sak 3: Møte om fritidstiltak
Trivselsgruppa organiserer eit møte for å diskutere kva friluftstiltak det bør arbeidast med. Møtet blir ope for alle, men følgjande lag får særskilt invitasjon: Nordøy IL, Flem vel, Longva vel og grunneigarlaget.
Sak 4: Kafébygget
Informasjonen omkring kafébygget er mangelfull. Det manglar detaljar om eigedomsforhold, drift, kven betaler utgifter til elektrisk straum, kommunale utgifter osv. Slike ting må avklarast og lagast ein skriftleg avtale på før styret kan ta stilling til prosjektet
Sak 5: Breiband til øya
Nye Ålesund kommune er i prosessen med å søke om støtte til breibandsutbygging. Uwe sender søknad frå Øyrådet til Nye Ålesund kommune.
Sak 6: Info frå gruppene
Trivselsgruppa: Den planlagde vårfesten 14. april vart avlyst p.g.a. lite påmelding. Informasjonen nådde kanskje dårleg ut, særleg til dei yngre gruppene. Facebook må brukast aktivt for å nå desse. Tilbakemelding: mange ønskjer berre dans, ikkje mat. Gruppa vil arrangere «byttedag» på Nordøy grendahus 1. september.
Dei andre gruppene hadde ikkje noko nytt å melde.
Sak 7: Bygdemobilisering
Knut orienterte om prosjekt «Bygdemobilisering», som er eit samarbeid med fylkesmannen i M&R. Øyrådet har fått tilsegn om kr. 225.000 over ein 3-årsperiode mot å gjennomføre dei oppsette og avtalte aktivitetane i prosjektet. Dette går rett inn det Øyrådet driv med, slik at til dømes møteaktiviteten både i styret og gruppene er ein del av den «dugnaden» vi skal gjere.
Ettersom det er nesten to år sidan det vart gjort ei oppsummering og samla inn dugnadstimar, meiner styret vi bør gjere det no. Såleis må leiarane i gruppene samle inn timar for alle medlemene i sine grupper og sende til Knut. Det gjeld først og fremst møte, men også andre aktivitetar som arbeid med arealplan, deltaking på kurs og seminar – t. d. om marine næringar 20.09.16 og reiseliv 15.02.17, Placement på Gunnabuda og evt. andre ting.
Samle saman alle slike timar for alle medlemene i gruppene frå og med 1. juni 2016 til og med 30. april 2018. Send dei samla til underteikna.
Tips: dei aller fleste møtereferata både for styret og gruppene ligg på nordoy.net.
Sak 7: Flygeblad
Vi sender ut flygeblad med litt informasjon om Øyrådet og bankgiro for opplysning og medlemsverving. Knut oppdaterer teksten frå i fjor, og Uwe trykker opp 200 ekspl. Dei skal ut i alle postkasser (dugnad).
Neste styremøte vert 23. mai.
Møtet slutt kl. 20.40.
Skrivar: Knut Flem