Tysdag 11. september 2018 kl. 20.00 i vestibylen på grendahuset
Desse var til stades: Uwe Kleinhans, Karianne Urke, Karoline U. Øines, Jan Arne Longva, Ewa Piasecka og Knut Flem.
Forfall: Grete Vindsnes og Bjørn Longva
Sak 1: Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.
Sak 2: Status/rapport frå gruppene
Næring/tilflyttingsgruppa
Gruppa v/Uwe har «med god manns hjelp» laga to videosnuttar for å promotere Nordøyvegen og vise kor stor betydning den har for samfunnet. Den eine videoen heiter «Vi gler oss til at Nordøyvegen kjem», og den andre «Torsdag ettermiddag på Skjeltene». Videoane skal leggast ut på Facebook og andre nettstader og eventuelt også sendast direkte til beslutningstakarane.
Trivselsgruppa
arrangerte «byttedag» laurdag 1. september, der folk kunne levere inn brukte ting og få andre sine brukte ting i byte. I tillegg var der kaffi og kaker å få kjøpt. Det fungerte bra, sjølv om ein det kom inn ein god del meir ting enn som for ut. Mykje kle vart levert inn, ein del sko, litt sportsutstyr og andre ting, m.a. eit par-tre syklar. På slutten av dagen fekk folk høve til å kjøpe ting rimeleg, som somme nytta seg av. Konklusjonen var at dette skulle prøvast igjen, men at det måtte gå ei tid til neste gong.
Informasjonsgruppa
T-skjorter har vore utplassert i Skulebua og det har vore litt sal. Tanja har òg selt nokre heimanfrå. Det vil bli prøvt å legge nokre skjorter på Rolls-Royce i håp om sal der.
Sak 3: Søknad om støtte til utbetring av leikeplass
Det låg føre ein søknad to familiar i byggefeltet Flem 2 om støtte til å utbetre leikeplassen der. Søknaden fekk avslag på prinsipielt grunnlag. Søkjarane vert råda til å vende seg til velforeiningane.
Sak 4: Vedtekter, instruks og mandat for Skulebu-gruppa
Eit framlegg utarbeidd av den avtroppande Skulebu-gruppa låg føre. Det vart samrøystes vedteke med den endringa at gruppa skal vere ei undergruppe av Trivselsgruppa, slik som det har vore.
Vedtekter, mandat og instruks lyder då slik:
A. Vedtekter
1. Skulebu-nemnda er ei gruppe under Trivselsgruppa i Øyrådet.
2. Nemnda skal ha 3 – 5 medlemer. Talet bestemmer nemnda sjølv.
3. Nemnda vel sjølv nytt medlem når nokon sluttar. Nye medlemer skal meldast til Øyråd-styret.
4. Nytt medlem vert valt for 1 år, men kan stå så lenge han/ho ønskjer.
5. Roller og ansvar i nemnda fordeler medlemene seg imellom etter behov.
B. Mandat og instruks
1. Nemnda tek avgjerd i alt som har med Skulebua å gjere.
2. Hovudoppgåva til Skulebu-nemnda er tilsyn og vedlikehald.
3. Nemnda kan kjøpe materiell til vedlikehald (t.d. beis og målarkostar) og mindre reparasjonar. Ved større utgifter må Øyråd-styret konsulterast.
4. Ei kort melding til Øyrådet si årsmelding bør leverast før årsmøtet.
Sak 5: Orienteringssaker
Bygdemobiliseringsprosjektet som har gått over tre år er avslutta pr. 30.06.2018. Øyrådet har fått tilsegn om kr 225.000 frå Fylkesmannen til dette, og 75% er utbetalt. Innan utgangen av september skal sluttrapport med rekneskap innsendast, og dersom det vert godkjent, vert resten av løyvinga utbetalt.
Møtet slutt kl. 21.00. Neste møte vert onsdag 17. oktober.
Skrivar: Knut Flem