Referat frå styremøte i Øyrådet 11.oktober 2017
11.oktober 2017 kl. 18-20. Stad: Vestibyla på Grendahuset.
Desse møtte: Uwe Kleinhans, Knut G. Flem, Gjertrud Longva, Tanja Otterlei.
Forfall: Jan Arne Longva, Bjørn Longva. (Lidvar Rogne permisjon.)
Sak 1: Informasjon frå trivselgruppa v/ Gjertrud.
- Coop-tilbygg: Teikningar er sendt til kommuna. (Coop har søkt byggeløyve.)
- Har ikkje fått pris på tilbygget frå NL enno. Må etterlysast. (Ansvar: Bjørn)
- Ide: Konsert med «Rotlaus» i samarbeid med UL Samhald? Styret negativ til å stille økonomisk ansvar.
- Øyrådet kan evt. arrangere «Vårfest»/ dans i mars/april for eit litt eldre publikum.
- Trivselsgruppa fekk elles tips om å sjekke «Forslagskassa» på Øyrådet sine sider, der er gode idear å jobbe vidare med.
Sak2: Informasjon frå Økonomigruppa v/ Knut.
- Det er søkt om momskompensasjon for 2016, det er håp om å få tilbake ca. 25.000 kr.
- Det er laga til rekneskapsbilag for kontantinntekter. (Justere for vekselpengar).
- Det vart drøfta om Øyrådet burde kjøpe inn eit enkelt rekneskapsprogram. Eit oppsett i rekneark kan også fungere. (Uwe sender forslag til økonomigruppa.)
- Det er oppretta VIPPS for øyrådet.
- Status for bankkontoar skal sjekkast til neste styremøte.
Sak 3: Skulebu-nemnda.
- Skulebunemnda ønsker avløysing etter hederleg innsats. Dei ønsker å få inn nye krefter i arbeidet med å ferdigstille og vedlikehalde Skulebua.
- Knut spør aktuelle personar. Det blir laga ein instruks for gruppa, for å klargjere oppgåver og ansvar.
- Det bør vere eit overgangsmøte mellom gammal og ny nemnd.
Sak 4: Næringsgruppa:
- Hadde møte 9.okober. Diskuterte ulike innspel til Næring, blant anna frå nederlandske interessentar.
- Arealplanen blir jobba med.
- Det er eit ønske om å slå saman tilflyttings- og næringsgruppa. (Årsmøtesak.)
Sak 5: Mediagruppa:
- Har fått inn bestillingar på 44 t-skjorter. Det skal bestillast inn 40 ekstra t-skjorter til seinare sal. (Herre 20 XL blå, og 20 L raud. Dame 20 L Grøn og 20 M blå.)
- Sender over namneliste til Økonomigruppa, slik at dei får oversyn over kven som har betalt og kven som må ha giro.
Sak 6: Tilflyttingsgruppa.
- Tilflyttingsgruppa har ikkje hatt møter sidan sist. Har hatt kontakt med nederlandske familiar, men ingen som har tatt skrittet fullt ut og bestemt seg for flytting enno.
Sak 7: Status etter HaNo dagar:
- Det var greitt å ha stand, passande med folk og vakter.
- Greitt å vise seg fram. Markedsføre seg.
- God interesse for lysbilda av skulebua, og for arealplan-kartet.
Sak8: Framtidig oppvekststruktur.
Det skal vere eit ope møte om framtidig oppvekst-struktur i Haram kommune.
ID-huset måndag 23. oktober kl.17.30 -20.30.
Skrivar: 18/10-2017 Tanja Otterlei