Referat frå styremøte i øyrådet 19.februar
Måndag 19.februar 2018 på Flem skule (Vestibyla) k. 19.30-21.00.
Desse var til stades: Uwe Kleinhans, Knut G. Flem, Gjertrud Longva, Bjørn Longva, Tanja Otterlei. Forfall: Jan Arne Longva.
1.Godkjenning av innkalling og agenda. Godkjent.
2. Gjennomgang og godkjenning av årsmelding. Eit par punkt/ordlyd vart jusert. Uwe reinskriv årsmelding og trykker opp 20 eks. til årsmøtet. Knut vil legge ut årsmeldinga på nordoy.net og linker til Facebook-sida til Øyrådet.
3. Status vedr. Økonomi og rekneskap. (revisjon før årsmøtet.) Dokumentasjon på rekneskap og revisjonsmelding vart framlagt. Rekneskapen er revidert og funne i orden med nokre merknader. Vedtak av Styret: Det må skaffast eit enkelt rekneskapsprogram slik at bilagsføringa blir enklare å revidere. Økonomigruppa må ta seg eit møte med revisorane slik at ein kan finne eit korrekt system for komande/inneverande år. (2018)
4. Innstilling frå valnemnda.
Formann i valnemnda, Roy Kolseth, etterlyste ei oversikt over nemndene og medlemmane i gruppene. Dette bør vanlegvis vere valnemnda i hende tidleg i januar. Valnemnda er i gang med arbeidet, men mangla framleis styreleiarkandidat og leiar og nestleiar for trivselsgruppa. Reknar med å ha det klart til årsmøtet.
Uwe lagar oversikt over valet til årsmøtet.
5. Ny instruks for nærings-og tilflyttingsgruppa vart vedtatt. Knut legg ut instruksar for alle gruppene på Nordoy.net.
6. Eventuelt:
- Status for gruppene er vanlegvis fast post i styremøta, men denne gongen var planlegging av årsmøtet hovudsak. Nokre saker frå gruppene vart kort nemnt, men blir grundigare omhandla i neste styremøte.
- Planlegging av årsmøtet: «Praktisk nemnd»: Tanja lagar kaffi. Gjertrud bestiller kake, hugs å kjøpe beger og papp-fat. Uwe ordnar med dokument som skal visast på skjerm og trykker opp 20 eks av årsmelding.
- Forutan vanlege årsmøtesaker vert det informasjon og høve til diskusjon om saker som Øyrådet for tida er engasjert i og kan tenkjast å engasjere seg i:
- Tilbygg til Coop-butikken som skal brukast til kafé.
- Utbetring av råsa til Flemsdemma der det kan setjast opp ein gapahuk.
- Sykkel-/tursti frå Nogva til Støene.
- Samarbeid med våre naboar om planlegging for tida når Nordøyvegen er på plass.
Longva 26/2-2018, Tanja Otterlei