Referat frå styremøte i Øyrådet 28.05.2015
Stad og tid: Flem skule kl. 19.00.
Desse møtte: Lidvar Rogne, Mette Krogsæther, Arnfinn Flem, Gjertrud Longva (vara for Joar Haram), Bjørn Longva. Forfall: Birgit Kjerstad (Her kunne heller ikkje vara Johan Longvanes møte)
Sak 1. Gjennomgang av referat frå forrige møte. Ok.
Sak 2. Referat frå møtet med Placement.
Møtet var den 19/5 på Gunnabuda. Tilflytting frå Nederland, Belgia og Tyskland var tema. Gode erfaringar frå mange kommunar. God info om tilflytting generelt. (Både dei som kjem og dei som skal ta imot.) Placement bistår begge partar. Ga eit godt inntrykk. Vi fekk tilsendt presentasjonen, samt tilbod på tenestene deira.
Kva gjer vi vidare? Avvente til øyane er meir samkøyrt, slik at ein samarbeide om eit slikt prosjekt. Det blir teke initiativ til eit møte på tvers av Nordøyane etter sommarferien.
Sak 3. Status frå arbeidsgruppene.
Økonomi-gruppa:
-
10 søknader om tilskudd er sendt inn:
- Stønad til Skulebua: 20.000 (Annasthe) +5000 HK, 25.000 (SBM) Totalkostnad er 250.000.
- Søknad til oppgradering av uteområdet til Flem skule.
- Fått svar frå HK: Tildelt 156.000. Ventar på svar frå 6 resterande søknader for same tiltak.
- Tilskudd kr. 225.000 til bygdemobilisering frå Fylket er tildelt:
- 4 prosjekt/stader har fått midlar:
- Sekken tiltaksnemnd
- Ålvundeid bygdalag
- Øyrådet for Flemsøy/Skuløy
- Norddal idrettslag
- Medlemsinnbetalingar: Det er 89 personar som er betalande medlemmar i Øyrådet pr. i dag. (Litt problem med å sjå alle namna på dei som har betalt inn, skal undersøke dette nærmare.) Giroen bør presiserast. Slik at det blir betalt pr. person. (Ikkje pr. husstand.)
Trivselsgruppa:
- Skulebua: Ei gruppe jobbar med denne: Jan-Arne Longva (NIL), Arnfinn Flem, Severin Longva(leiar), Knut G. Flem, Per-Olav Vedeld og Kåre Flem.
- Uteområdet ved Flem skule: Ei nemnd jobbar med dette: Arnfinn Flem, Knut G. Flem, Lisbeth Austnes (FAU), Evy H. Rogne og Tanja Otterlei (Flem skule), Per Kåre Flem (NIL).
- Kafedrift: Har vore ein gong på Gamleskulen. Skal vere på barnehagen laurdag 30/5 kl 12-15.
Tilflyttingsgruppa:
- Placement-møtet vart arrangert 19.mai.
- Har fått liste frå Haramsøy skule med namnelister frå 11 årgangar . (25-35 år) Til seinare bruk.
Mediagruppa:
Har oppretta Facebookside som er aktivt i bruk. Nettsida er også under stadig oppdatering.
Planar om å lage ei side om øya si historie som skal ligge på nettsida.
Det er utarbeidd dokumentmal med logoar for bruk i øyrådet.
Planar om å lage turist/info-brosjyre for øya. (Begynne å jobbe med dette.)
Arbeid- og næringsgruppa: Skal opprette Studiering som skal setje seg inn i boka «10-punktsmodellen». (Omhandlar samfunnsutvikling.)
Bustadsgruppa. Full oversikt over kommunale tomter og private tomter som er aktuelle for sal. Fått oversikt over utleigeleiligheter og hus som er «lite brukt.» (Potensielle sals- eller utleigeobjekt.)
Sak 4. Invitasjon til HANO- dagar 2015.
Øyrådet har blitt invitert til å halde stand på Hano-dagane og takkar ja.
Styret ynskjer innspel frå alle under-gruppene innan neste styremøte 25.juni.–>
Kva kan kvar gruppe bidra med, og innspel med idear til kva ein slik stand bør innehalde.
T.d.:
– Kart over ledige tomter
– T-skjorter med logo?
– Slideshow m.m.
Sak 5. Saker som kjem til.
- Folkemøte på øyane 15.juni? Telemarksforsking. Prosjekt: «Korleis møte vegen/veggen.» Sandøy/Haram i samarbeid. Tanja kontaktar Guttorm Ulla for meir info.
-
Generalforsamling i Nordøyvegen 4.juni (?). Lidvar stiller sannsynlegvis som representant frå aksjonæren RR.
- Kva skjer med Kvileheimen?: Øyrådet har fått innspel frå Sigrid Rogne. Flott initiativ med innlegg i Nordre. Styret drøfta saka og konkluderte med at det er eit stort behov på øya for meir informajson om kva planar det er for Kvileheimen.
Styret i Øyrådet ynskjer difor eit informasjonsmøte/folkemøte der det blir informert om planane for Haram kvileheim: Kva er bakgrunnen for endringane. Kva består vedtaket i? Kva konsekvensar får det for Haram kvileheim og for øyane. Lidvar tek kontakt med Ordføraren for å få til eit slikt møte. -
Arnfinn har blitt kontakta av leiar for Kvileheimen om det kan opprettast ei gruppe med frivillige som kan ta med dei eldre på små turar i nærmiljøet. Kan ta dette vidare i trivselsgruppa.
-
«Destinasjon Ålesund og Sunnmøre» (side på FB). Vere oppmerksom på at ein kan legge ut ting som skjer her ute på øyane også.
-
Idé: Lage til litt finare område rundt butikken? Plantekasser ved busskura?
(Ei digital forslagskasse ligg på heimesida, men litt bortgøymt. Kassa fungerer slik at folk kan sende forslag til ei av gruppene eller styret. Den bør kome betre fram i lyset slik at ho blir brukt meir.)
Møtet slutt kl. 20:45
Skrivar: Tanja Otterlei