Referat frå styremøte i Øyrådet 7/4-2017
Desse møtte: Lidvar Rogne, Uwe Kleinhans, Gjertrud Longva, Bjørn Longva, Tanja Otterlei, Jan Arne Longva, Knut G. Flem , Trond Ravnestad.
Møtet start kl. 18.00- slutt kl.20.30
Sak 1. Gjennomgang av referat frå sist møte ( v/Tanja)
Sak 2. Status frå arbeids gruppene. Økonomigruppa: – Informerte om status på kontoar. Skulebua vil om lag gå ut i null. – Kommentar til rekneskapen 2016: Bjørn har gått igjennom kommentarane til rekneskapen, og hadde ei forklaring på alle merknadene til revisorane. Det blir eit møte mellom økonomigruppa og dei nye revisorane i tillegg til Uwe Kleinhans. Dei vil avklare uklarheiter kring rekneskapsføring slik at alt blir korrekt. Det er små justeringar som skal til. – Reknings-blokk er innkjøpt.
Trivsel-gruppa: – 1/3 av billettane til Klypa-showet er seld. Skal selje på Lepsøya på laurdag. Trivselsgruppa har fordelt oppgåver til arrangementet/dansen. Har fått vakter til dansen. – Har hatt eitt møte sidan sist, referat er lagt ut på Nordoy.net. – Har hatt eitt møte angåande påbygging av butikken. I gruppa sit: Bjørn Longva, Jan-Arne Longva, Arnfinn Flem, Svein Olav Otterlei, Helge Kjellstad Rogne, Janne Flem, Harald Otterlei, Per Gunnar Øines, Knut G. Flem. (Denne gruppa bør velje leiar og skrive referat. Telje dugnadstimar.) Tilflyttingsgruppa: Har hatt besøk frå nederlendarande som var interessert i taredyrking. Dei virka seriøst interessert og er i ferd med å danne nettverk med aktuelle folk innan denne næringa. Eit anna par kjem på besøk i sommar. (Familie med barn, rørleggar.) Familien Wildeboer flytta til fastlandet pga busituasjonen, og mangel på arbeid her ute. Endå ein famlie er interessert, men er avhengig av jobb. (Rolls Royce mest aktuelt.) «Vertskapskurs» med Placement den 1.april vart utsett til 1.juni. (Reklamere litt i forkant.) Har planar om å jobbe meir mot dei som har tilknyting til øya. Treng fleire folk i tilflyttingsgruppa, gjerne yngre krefter. Næringsgruppa: – Heldt seminar om turisme 21.mars. Ca 20 personar deltok. To foredragshaldarar frå Destinasjon Sunnmøre og Happy End i Valldal.) Eit godt kurs, stor deltaking frå publikum. Det kom fram mange gode idear som gjerne kan følgjast opp. Ei eiga gruppe innan næringsgruppa vil jobbe vidare med dette uavhengig av Øyrådet. (Næringsgruppa/øyrådet stiller til disposisjon). Medlemer i gruppa: Mette Krogsæter, Birgit Kjerstad, Ewa Piasecka, Terese Longva mfl.
Bustad-gruppa: Er i gang med å jobbe med ny arealplan. Vere i forkant før kommunen skal ha møte her på øyane. Bustadgruppe vil halde eit informasjonsmøte om arealplanen. Kan t.d. legge til rette for bustadfelt, gjerne også spreidde enkelt-tomter langs fjellfoten t.d. Viktig å få det med på arealplanen.
Mediagruppa: Marion Høustad Bergheim har tatt hovedansvar for kulturkalenderen på nordoy.net. Arrangement kan meldast til henne på mail: marion_bergheim@hotmail.com eller mob.95133119. Sjå elles sak 4: «T-skjorter» og sak 5: «Reklame for ledige tomter».
Sak 3. Revisorer 2017: Olav Skarstein og Åge Flem er valt som revisorar.
Sak 4. T-skjorter. Trond la fram forslag til T-skjorte med motiv frå Skulebua. Flott teikning! Kvalitet/leverandør på skjorter vart diskutert. Bestille 200 t-skjorter i varierande størrelsar.
Sak 5: Reklamere for ledige tomter. Reklamere litt meir aktivt, evt med tomtealbum på FB, dronevideo m.m. Mediagruppa tek på seg ansvar i samarbeid med Bustad-gruppa.
Sak 6: Info om Foreldremøtet om skulestruktur. Legge ut link til referatet på øya-sida. Øyrådet vil bistå vidare i denne saka.
Sak 7: Ungdomshus/ fritidsklubb. Forslag om innandørs skytebane på Longva. Severin Longva stiller fjøsen til disp. Forslag: Rom til disp. for ungdommar? («Ungdomsklubb.») Må takast opp til nærmare vurdreing.
Sak 8: Saker som kjem til. Breiband. Lidvar og Uwe ser nærmare på skrivet frå kommunen (evt. kontakte Knut G. Flem som tipsa om saka.)
7/4-2017
Skrivar: Tanja Otterlei