Referat frå Styremøte i Øyrådet 9/2-2017
Referat frå styremøte 09.02.17
Start kl. 18.30- slutt kl.21.00
Desse var tilstades:
Lidvar Rogne, Knut G. Flem, Mette Krogsæter, Tanja Otterlei.
Forfall: Joar Haram, Bjørn Longva.
Sak 1. Gjennomgang av referat frå førre møte (v/ Tanja).
- Diskusjon om dato for opning av Skulebua. Halde seg til 25.mai. Lidvar kontaktar Tor Erik angåande evt. dans same helga.
- Ha taxi-helikopter for opning av Skulebua? Knut ordnar med folk som kan undersøkjer pris .
Sak 2. Eventuelt nytt frå arbeidsgruppene.
Trivsel: Klypa show 5/5-17 er under kontroll. Set inn støtet for sal av billettar i mars.
Tilflytting: Har kontakt med to familiar frå Nederland som gjerne vil flytte hit. Besøk i mars.
Dagskurs om tilflytting: 1.april.
Informasjon: Har hatt kurs i heimeside, og Knut G. Flem har no «gitt frå seg ansvaret som redaktør for heimeida. Styret ønsker T-skjorte med motiv av skulebua til opninga 25/5. Infogruppa tek saka.
Økonomi: Rekneskap er levert til revisorane i forbindelse med årsmøtet.
Næring: 21.mars: Seminar om turisme. Gunnabuda.
Sak 3. Planlegging av årsmøte.
Valnemnda er kontakta. Koke kaffi (Tanja). Lidvar kjøper kjeks og pappbeger/serviettar.
Sak 4. Kurs i regi av «Placement» om tilflytting 1.april. På Gunnabuda.
Sak 5. Søknad frå Longva Brannstasjon. Øyrådet har pr dato ikkje frie midlar å dele ut.
Sak 6: Andre saker: Stempel: Lidvar bestiller stempel med Øyrådet sin logo.
13/2-17, Skrivar: Tanja Otterlei