Referat frå styremøte i Øyrådet for Flemsøy/Skuløy 10.05.17
Møtestart kl. 18.00- slutt kl.20.15
Desse møtte: Lidvar Rogne, Uwe Kleinhans, Tanja Otterlei, Knut G.Flem, Jan Arne Longva, Grete Vindsnes (vara). Forfall: Bjørn Longva, Gjertrud Longva.
Sak 1. Gjennomgang av referat frå forrige møte. ( Tanja)
Sak 2. Status frå arbeids gruppene.
Tilflytting: Ingen ny aktivitet sidan sist. Får gjenvisitt frå «Tare-dyrkarane» kring 17.mai. Blir på 17.mai feiring på Longva. Placement/ Rietmann: Ny interessent: Nederlandsk mann som driv dykkarfirma (yrkesdykking). Ønsker at det blir undersøkt jobbmuligheter evt. frå Næringsgruppa. Kveldskurs 1.juni må marknadsførast- lage plakat og opprette som arrangement på FB. (Tilflyttingsgruppa ordnar dette sjølv, kontakt evt. Media-gruppa for hjelp.)
Næringsgruppa: Ingen aktivitet sidan sist. Skal undersøke om det er oppretta «reiselivsgruppe» i etterkant av seminaret om turisme. Økonomi: – 100.000 kr er runda på andelsbrev for skulebua. Det er kjempebra! Sende ut ei påminning om medlemsinnbetaling via FB.
Trivsel: -Arrangement Klypadans/show: Har ikkje fullstendig oversikt over økonomi enno. (Øyrådet dekkjer eit evt. underskot som avtalt .) – Aldersgrensa kunne vore lavare, då hadde ein nok fått fylt huset. (Anbefalt 15 år.) – Sjølve arrangementet gjekk veldig bra, både show og dans.
- Skyttarlaget stiller seg positiv til å lage skytebane til luftgevær i fjøsen til Severin.
- Med evt. ein liten møteplass for ungdommar.
- Haustfest? Mat først og open dans etterpå. Trivselsgruppa tek saka vidare, finn dato, gjerne tidleg haust.
Bustad: Arrangerte møte om arealplan 24.april. 10-12 stk møtte opp. Delte ut kart og orienterte. Det blir eit felles møte på øyane frå kommunen si side.
Media: T-skjorter med Skulebu-motiv skal bestillast inn i god tid før sommarferien. (Tanja/Trond.) Reklame for ledige tomter innan Hano-dagane? Skal undersøke kven som kan ta på seg å lage noko rundt dette. Samarbeide med bustadgruppa. Sak 3. Resultat «Kjellen Show» og Dans. Ikkje klart enno. (Sjå sak 2 under Trivsel-gruppa)
Sak 4. Hano- Dagane 16.-17.september. Øyrådet stiller stand. Idear: – Arealplan, ledige tomter, turløyper, T-skjorter, forslagskasse, info om utbygging kvileheim/bustader?
Sak 5: Saker som kjem til.
- Kva skjer rundt ombygging av kvileheimen? Skaffe teikningar og planar. (Lidvar kontaktar ordførar for å høyre korleis progresjonen er.)
- Datoar til samarbeidsutvalet haust? (Frist: 15.mai. Møte: 5.juni.) Opning av skulebua 12/8. Dans/haustfest i september?
- Idrettlaget: Opninga av skulebua 12/8 (evt. helga etter viss dårleg ver). Motbakkeløp same dag i samarbeid med NIL.
- Skulestruktur, status: Den kommunale ad-hoc gruppa skal arbeide med denne saka fram mot kommunestyremøte i oktober. Til no ligg det an til to alternative forslag når det gjeld ungdomsskulestruktur: Enten ny 1-7 skule på Vatneeidet eller 1-10 skule. Det ligg ikkje inne forslag pr.dato om å legge ned Haramsøy ungdomsskule, men det ligg inne forslag om å samle elevane på øyane på sikt i ein felles 1-10-skule. (Inkludert Fjørtoftselevar.) FAU på øyane har samla seg for å samarbeide om saka i forkant. Den felles utfordringa er lave barnetal, men ein håper sjølvsagt dette kan snu. FAU på Flem skule skal lage ei meiningsmåling for å høyre korleis steminga er blant foreldra i denne saka. Dette skal skje i samband med Foreldrerådsmøte den 7.juni. Resultatet av denne meiningsmålinga vil bli presentert for det felles FAU-utvalget før sommarferien.
- Utsette styremøtet i Øyrådet til 13/6 for å få med resultatet frå FAU om skulestruktur. Diskutere kva øyrådet kan gjere i saka. Ein god skule er viktig for bygda.
Skrivar: Tanja Otterlei