Referat frå styremøte i Øyrådet onsdag 17.januar 2018
Desse var tilstade: Uwe Kleinhans, Knut G. Flem, Jan Arne Longva, Tanja Otterlei.
Forfall: Gjertrud Longva, Bjørn Longva. (Møtestart: 20:00. Møtet slutta 21:45.)
Sak 1: Innkalling og sakliste godkjent.
Sak 2: Møtedatoar i 2018 for Styret i Øyrådet; utheva datoar er endra i høve til det forslaget som var utsendt: (Klokkeslett 20:00, viss ikkje anna er avtalt.)
Januar: onsdag 17.01.2018
Februar: måndag 19.02.2018
Mars: onsdag 21.03.2018
April: onsdag 18.04.2018
Mai: onsdag 23.05.2018
Juni: onsdag 13.06.2018
Juli: ferie
August: onsdag 15.08.2018
September: onsdag 12.09.2018
Oktober: onsdag 10.10.2018
November: onsdag 14.11.2018
Desember: fri
Sak 3: Styret vedtok at nærings- og tilflyttingsgruppa slåast saman.
Styret gjekk igjennom forslag til instruks for gruppa, og justerte denne noko. I instruksen må det også stå at Infrastruktur må jobbast med. (T.d.Internett-tilgang og andre kommunikasjonar.
Det skal jobbast fram eit nytt forslag til instruks innan neste styremøte 19/2.
Sak 4: Planlegging av årsmøte/val.
Kvar gruppe må ha valg av leiar og nestleiar innan utgangen av januar. Meld frå om dette til leiar (Uwe). Det må også sendast ei kort oppsummering over aktivitetar/ møteverksemd i gruppene til årsmeldinga. Dette sendast på mail til Tanja: tanja.otterlei@gmail.com
Oversyn over val så langt:
Bustad: Leiar: Jan Arne Longva. Nestleiar: Joar Haram.
Trivsel: Ingen kandidatar. (Valkomiteen må setjast på saka.)
Økonomi: Val ikkje avklart enno.
Infogruppa: Har ikkje valt, men treng ny leiar. (Skal ha møte 29/1)
Næring og tilflytting: Leiar: Uwe Kleinhans Nestleiar: Karoline Øines.
Valnemnda pr dato er: Roy Kolseth (leiar), Karoline Øines, Severin Longva. (Vara: Mette Krogsæter.)
Det må også veljast valnemnd og revisorar. (Revisorar for 2017 er Olav Skarstein og Åge Flem)
Styret blir samansett av leiarane i arbeidsgruppene, med unntak av Styreleiar.
Valnemnda må finne styreleiar/leiar for Øyrådet.
Leiar i Øyrådet, Uwe Kleinhans, skaffar oversikt og kontaktar valnemnda innan utgangen av januar.
Sak 5: Saker til årsmøtet:
Tanja ordnar plakat. (Sjå plakat frå i fjor). Dette skal stå i tillegg: «Forslag til årsmøtesaker må vere innkomne til styret minst to veker før årsmøtet.» Endeleg sakliste til årsmøte, årsmelding og rekneskap skal leggast fram ei veke før årsmøte. Leggast fram på butikken og på nettsidene.
Sak 6: Eventuelt:
Koordinering av opprusting og vedlikehald av fellesareal/friluftsområder på øya.
Styret i Øyrådet vil ta initiativ til eit felles møte med Grunneigarlag, NIL, Flem Vel, Longva Vel, Øyrådet, Småbåtlaga (m.fl?) Møte om oppgradering og vedlikehald av grusvegar/ turstiar, friluftsområde m.m.
- Neste styremøte blir måndag 19.2. kl 19.30. Hovudak: Planlegging av årsmøte. (Sjå gjennom årsmelding og rekneskap før det blir lagt ut.)
Referent: Tanja Otterlei
Longva 18/1-2018