Referat frå møte i Tilflyttingsgruppa 27.04.15
Til stades på møtet: Severin Longva, Erlend Hagen, Kåre Flem, Uwe Kleinhans og Mette Krogsæter
Saker:
- Samarbeid med Placement
Vi vart enige om å invitere Placement til å presentere seg på eit møte etter 17. mai. Møtet vil bli halde på møterommet på Gunnabuda, og vi bør ha med folk frå styret i øyrådet + evt. dei andre gruppene. Vi vil også invitere representantar frå dei andre øyane, frå kommunen og evt. nokre lokale politikarar.
Mette tek kontakt med Placement for å avtale dato. - Kartlegging av utflytta øyingar
Vi vil ta for oss årskulla 1980-1990 (aldersgruppa 25-35 år), då vi går ut frå at det er folk frå desse kulla som det kan vere mest for å slå seg ned på øyane.
Uwe tek kontakt med Kenneth Ulla for å få navn på dei som har gått ut frå ungdomsskulen frå desse kulla. Når vi har navna, deler vi opp jobben med å skaffe oss kontaktinfo (epost-adresse etc.) til alle. - Framgangsmåte overfor utflytta øyingar
Vi tok opp bl.a. mail frå Sigrid Rogne om behovet for å finne litt statistikk ang. kor mange av dei utflytta øyingane som vurderer å flytte tilbake.
Dette er noko vi vil kome tilbake til når vi har navn og kontaktinfo på plass.
Vi ser for oss i første omgang å informere dei vi finn fram til om Øyrådet (nettsider etc.) og litt om kva assistanse vi kan tilby – vidare strategi (for informasjon og/eller spørreundersøkingar) kjem vi tilbake til. - Diverse – laust og fast
Vi snakka om diverse tiltak som kan vurderast framover, bl.a. om det bør bli jobba med å få sjukeheimsplassar på øyane, om det kan vere aktuelt å ta imot flyktningar etc.
Vi snakka også om eit mogleg tiltak å gjere tilgjengelig ein «prøvebustad» (dette er gjort i Telemark, med tre utleigebustader som skal kunne leigast i kortare tid for dei som vil «prøvebu» ein stad). Dette kan vere ein idè å tenke på for Bustadgruppa.
Erlend hadde ein idè til Trivselsgruppa: å gjere tilgjengelig ein båt som skal kunne leigast på dagbasis – dette for dei som gjerne vil kunne bruke båt, men som ikkje kan/vil skaffe sin eigen. Erlend tek dette opp med Arnfinn. - Vidare møte: vi tek eit lite møte i forkant av at Placement kjem, så vi kan forberede oss. Beste møtedag for denne gruppa framover vil vere onsdagar
Mette Krogsæter