Referat frå møte i Infogruppa 24.08.15
Stad og tid: Flem skule kl. 20.00 – 21.30
Medlemer til stades:
Marion H. Bergheim, Olav Skarstein, Tanja M. Otterlei, Andreas Flem, Trond Ravnestad, Knut Flem.
Linda N. Vedeld og Odd Einar Molnes møtte etter sak 2.
Forfall: Ewa Piasecka.
Andre: Styreleiar Lidvar Rogne var til stades under sakene 1 og 2.
Sak 1. T-skjorter til HaNo-dagane
Vi stiller ikkje med eigne T-skjorter på HaNo-messa denne gongen, sidan dei andre øyane (truleg) heller ikkje gjer det. Men vi arbeider vidare med forslag til T-skjorte for Øyrådet og legg det fram for styret til endeleg godkjenning på eit seinare tidspunkt.
Sak 2. Overskrifter på messestand
Felles overskrift for øyane: Nordøyane
Undertittel: «Saman om ei felles framtid»
Lidvar konfererer med dei andre øyane om overskriftene. Andreas og Trond sjekkar om banner e.l. kan lagast på Rolls-Royce.
Sak 3. Informasjonsfoldar/brosjyre
Ewa og Olav hadde laga eit utkast til foldar som er tenkt brukt på/rundt HaNo-dagane. Foldaren vart lagt fram på møtet og fall i god jord. Nokre detaljar skal justerast. Trond sjekkar muligheit for trykking på Rolls-Royce og Olav sjekkar pris, leveringstid o.l. hos Hatlehols. Ca. antal: 500. Opplysningane bør vere klare til styremøtet 27. august.
Sak 4. Noko å vise på standen på HaNo-dagane
Infogruppa vil vise bilda på Øyablikk-sida på nettstaden i form av slideshow. Odd Einar sjekkar muligheita for å skaffe ein stor skjerm. Knut stiller med PC til dette.
I tillegg vil vi ha ein PC som publikum kan bruke til å utforske nettstaden til Øyrådet. Odd Einar ordnar med høveleg datamaskin.
Sak 5. Spørjeundersøking/konkurranse
Trivselsgruppa har teke initiativ til å lage ei spørjeundersøking/konkurranse til å ha for publikum på HaNo-messa. Vi er utfordra på å kome med innspel på spørsmål som kan brukast. Styret vil plukke ut og samordne spørsmåla.
Infogruppa sine forslag:
1) Kva meiner du øyane langs Nordøyvegen kan samarbeide om, og korleis?
2) Kva skal til for at du skal flytte til(bake) til øya?
3) Kva for nye arbeidsmuligheiter og næringsidéar kan du tenkje deg for øyane?
4) Kva muligheiter opnar seg når Nordøyvegen kjem for friluftsliv, fritidsaktivitetar, arbeid og næring m.m.?
Referent: Knut Flem