Referat frå møte i Informasjonsgruppa 18.05.15
Stad og tid: Flem skule kl. 20.00 – 21.30.
Desse var til stades:
Odd Einar Molnes, Tanja M. Otterlei, Trond Ravnestad, Andreas Flem, Linda N. Vedeld, Marion H. Bergheim, Olav Skarstein og Knut Flem. Forfall: Ewa Piasecka.
Sak 1. Turistbrosjyre/foldar
Gruppa vil vurdere å lage ei turistbrosjyre/foldar à la den som Lepsøy har. Brosjyra kan leggast ut på ferjer, hurtigbåt og andre stader det ferdast folk. Vi vil i første omgang få tak i ei Lepsøy-brosjyre for å sjå korleis dei har gjort det.
Sak 2. Dokumentmal m/logo
Trond lagar forslag til dokumentmal med logo.
Sak 3. Møte med Placement på Gunnabuda
Tanja informerte om møtet med Placement som er tillyst 19.05.15. Placement er eit firma på Sjøholt som har spesialisert seg i å «hente» folk frå Nederland, Belgia og Tyskland som vil busetje seg i Noreg. På møtet blir tilflyttingsgruppa og styret i Øyrådet til stades, pluss inviterte folk frå naboøyane samt kommunen.
Sak 4. Facebook-side
Side og gruppe har begge pluss og minus, men det var semje i gruppa om at side var rett val. Det vil bli ordna slik at alle i infogruppa kan legge inn stoff. Det som vert lagt inn på Facebook-sida, vert automatisk sendt til ei eiga side på nordoy.net, slik at også dei som ikkje er på Facebook får del i nyhenda som blir publisert der.
Sak 5. Policy på bilete på nettet
Ved publisering av bilete av folk på heimesida og Facebook må ein vise varsemd og tenkje over om personvernet blir ivaretatt. I små forsamlingar bør ein spørje om det er greitt at bilete vert lagt ut på nettet; i større forsamlingar må folk rekne med at bilete vert tekne og lagt ut på nett.
Sak 6. Innlegging av stoff på nettstaden
Det var ønskje om at fleire kunne ha tilgang til å legge ut stoff på heimesida. Det var semje om at alle i gruppa skal ha skrivetilgang.
Sak 7. Linkar på den horisontale menyen
Linkane «Nytt frå Øyrådet» og «Facebook nytt» blir bytta ut med ein felles link: «Øyanytt». Under den ligg så dei to andre nemnde linkane. Linken «Turistinformasjon» vert fjerna inntil vi har høveleg stoff å legge inn på denne sida.
Sak 8. Link til Haram kommune
Det skal lagast ein link til kommunen med kommunevåpen. Den skal plasserast nedst på høgre kolonne.
Sak 9. Informasjon om Framtun og Nordøy grendahus
Det vart bestemt at informasjon om dei to forsamlingshusa skal leggast ut under «Lag og foreningar».
Sak 10. Side om øyahistorie
Informasjon om øya si historie er bra å ha, og ei side (eller fleire) med viktige hendingar og personar vil vi prøve å få laga. Knut tek kontakt med Elias Rogne for å starte prosessen.
Neste møte i informasjonsgruppa blir måndag 8. juni kl. 20.00 på Flem skule.
Referent: Knut G. Flem