Referat frå møte i Næringsgruppa 28.04.15
Tysdag 28. april kl.19.30 – 21.30 på Flem Skule.
Desse møtte: Rolf Longva, Johan Longvanes, Malen Nogva, Karoline Urke Øines, Birgit Oline Kjerstad.
Svein Olav Otterlei gav før møtet beskjed om at han trekkjer seg ifrå arbeidet i næringsgruppa, men han ville lage til informasjon om fiskeoppdrettsanlegget for bruk til heimesida.
Sakliste:
1. Status øyrådet
Birgit orienterte om arbeidet i hovudstyret, heimesida og dei andre gruppene.
2. Kome i gang
Vi avklara forventningar og delte tankar om næringsgruppa sitt arbeid.
Vår rolle først og fremst er å legge til rette og stimulere til næringsutvikling i tett samarbeid mellom Haram kommune, Haram Innovasjonsstudio, fylkesmannen og andre aktuelle. Det er viktig å bevisstgjere folk om å støtte opp om verksemdene lokalt. Vi må tenkje både smått og stort. Bygge på det som er og stimulere til nyskaping,og skape ein kultur for å dra i lag.
Vedtak: Vi inviterer Inger Synnøve Remme til eit møte i næringsgruppa for å tenkje høgt i lag med henne om vårt videre arbeid.Vi bør finne ut av når vi kan kome med innspel til kommune og kommunedelplanen som skal rullerast. Birgit kontakter Teknisk etat.
3. Nordoy.net
Korleis tilretteleggje næringsinformasjon til heimesida til øyrådet?
Vi bør få inn korte tekstar om dei ulike arbeidsplassane her ute i første omgang, men få gjort noko meir omfattande etter kvart. Det kom opp ein ide om å ta kontakt med høgskulen i Volda for å få til ei studentoppgåve med å lage presentasjonar av næringsverksemdene våre for Nordoy.net.
Vedtak: Johan Longvanes arbeider videre med ideen om å engasjere høgskulestudentar.
4. Studiering i samfunnsutvikling
med utgangspunkt i boka 10 Punktsmetoden? Ikkje alle i gruppa var interessert i å vere med på studiering om samfunnsutvikling, men såg positivt på tiltaket.
Vedtak: Birgit tek med ideen om studiering til hovudstyret så det tek tak i den.
5. Neste møte i næringsgruppa blir torsdag 21. mai kl.19.30.
6. Eventuelt
(Denne saka kom etter at Rolf og Johan måtte forlate møtet.)
Karoline Urke Øines orienterte om planane for Kvileheimen. Omlegginga til omsorgsboligar vil føre til at fleire stillingar vert borte frå øya. I dag er der 9,5 stillingar . og 15 personer arbeider i dag på Kvileheimen. Det er ikkje klart kor mange jobbar som vil bli i ei oppgradert heimesjuepleie etter nedlegginga.
Referent: Birgit Oline Kjerstad