Referat frå møte i Skulebugruppa 17.06.15
Stad og tid: Sjurgarden på Longva kl. 18.00 – 20.30
Medlemer til stades:
Arnfinn Flem, Jan Arne Longva, Kåre Flem, Per Olav Vedeld, Severin Longva og Knut Flem
Innleiingsvis orienterte Knut om at alle må føre dugnadsliste i høve til prosjektet «Bygdemobilisering» – eit prosjekt som Fylkesmannen har løyvd midlar til. Møte/planlegging kan reknast som dugnad i denne samanheng.
Sak 1. Status for søknadsprosess
Severin har sendt brev til kommunen med spørsmål om byggesøknad og kva som skal til for å kunne plassere ei hytte oppe på Skuletoppen. I svaret frå kommunen går det fram det må vere underskrift frå grunneigarane og at søknadsskjema for byggeløyve må fyllast ut og sendast inn. Nabovarsel trengst ikkje. Severin samlar inn dei attståande underskriftene og sender inn søknaden.
Sak 2. Val av material
Betong versus massivtre har vore diskutert lenge, og gruppa landa no på massivtre. Knut undersøkjer nærmare detaljar om leveranse, pris, overflatebehandling m.m.
Sak 3. Fundament
Ringmur, plate av naturstein eller betong, eller stolpar som fundament? Desse alternativa har vore drøfta før, og stemninga på møtet var i favør av stolpar (jenstenger som vert bora ned i fjellet), men utan endeleg konklusjon.
Sak 4. Plassering av hytta
Det vart diskutert om hytta skal stå på høgste punktet relativt nært kanten, litt lenger bak, eller nede i skråninga eit godt stykke lenger sør. Dette siste alternativet hadde samanheng med at Per Olav hadde eit forslag om å bygge hytta delvis inn i bakken, og for å få det til, måtte hytta plasserast i ei skråning.
Fleirtalet i gruppa gjekk inn for plassering oppe på toppen, særleg fordi utsikt i alle retningar innafrå hytta er eit vesentleg moment.
Sak 5. Utforming av hytta
Per Olav sitt forslag (ovanfor) innebar ei heilt anna utforming av hytta i forhold til tidlegare utkast – m.a. fordi den skulle byggast inn i terrenget. Ettersom det vart bestemt at hytta skal plasserast oppå toppen, blir det truleg ei 8-kanta hytte som tidlegare tenkt, utan at det er heilt låst enno. Det kom framlegg om at det skal vere glas i heile lengda på veggane, og det vil bli undersøkt om dette er råd å få til. Kanskje endåtil med glaskuppel til tak! Arkitekt og andre bygningskyndige vil bli kontakta for råd.
Referent: Knut G. Flem