Reiseliv og turisme – miniseminar på Gunnabuda
Øyrådet for Flemsøy/Skuløy har vore aktive eit par år med å finne løysingar til nye arbeidsplassar og dermed høve for folk å flytte heim. Turisme kan gje arbeid og inntekter om ein satsar på dei rette tinga.
Det er mange perler for turistar både på Flemsøy/Skuløy og i dei nærliggande områda, både på øyar og fastland. Turistar kjem likevel ikkje utan at dei har noko å kome til og at dei kan få tilbod om både mat, overnatting og oppleving. Mange har jobba med turisme i fleire år her i fylket. Øyrådet hadde invitert Anita Nøring i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Susanne Moen Ouff i The Happy End Norddal til å fortelje om opplegg og erfaringar, i byområdet og i utkanten. Knut G. Flem frå Øyrådet hadde kontroll med seminaret.
Destinasjon Ålesund og Sunnmøre
Det er mange ting som kan marknadsførast lokalt seier Anita Nøring, kystkultur, fiske, turar, sykling, kajakk osb., men det krev at her er folk som kan ta seg av opplegget lokalt. Treng ikkje vere dagleg, kan godt vere tilbod til visse dagar. Men ein kontinuitet er naudsynt. Dei har prøvd å nytte off. tranportmidlar som gjev positiv effekt på kommunikasjon.
Turistane er opptatt av både opplevingar og lokal mat og drikke. At det kostar pengar er heilt greitt, utlendingane veit at det kostar å feriere i Norge. Informasjon på internett og booking på førehand er det mange som likar.
The Happy End Norddal
Å vere ein endestasjon på vegen kan vere ei utfording. Etter mange år med jobb og tilrettelegging har Norddal skapt eit produkt som er interessant for turistar. Overnatting på pensjonat og camping, kortreist mat og drikke og opplevingar. Mykje arbeid og sjølvsagt eldsjeler. Eller som dei kallar seg; Storblåsarar. Storblåsarrådet er øvste organ i The happy end.
Men korfor fekk denne vesle bygda det til? Susanne Moen Ouff seier det handlar om institusjonell kapital i samfunnet der. Slik som ulike utdanningar, tilgang på ressursar, rause med tillit til kvarandre, vilje til å jobbe saman, møte utfordringar som t.d. sentralisering. Og ikkje minst, prosessane kjem og kjem og må gjennomarbeidast på nytt.
Øyrådet
Mange aha tankar til inspirasjon og motivering. Deltakarane på miniseminaret kom med spørsmål og mange kom med idear i diskusjonen etter forelesarane. Det ser ut til det vert nye runder om kva ein kan få til lokalt og korleis ein skal samarbeide for å få folk med. Sjå kva ein har av institusjonell kapital.
Olav Skarstein