Rolls-Royce Marine på Longva satsar på hightech
Ny bore- og fresemaskin, ei nyinvestering i millionklassa, som vil meir enn halvere produksjonstida på viktige komponentar i produksjonen.
Kan nesten kalle det ein robot, ein maskin som i samsvar med progammering utfører ein serie med ordrar. Lydig og utan kaffipausar. Program ligg på vent og kan når som helst hentast fram for forskjellige nye ordrar med historikk.
Maskinen var under installasjon og testing på Longva. Leverandøren, Rittal, hadde 2 mann på plass for opplæring samt 2 montørar til montasjen. Det er andre maskinen av denne typen som er levert i Norge. I test som vart utført, såg alt ut til å fungere som det skulle. Maskinen er nøyaktig med presisjon på hundredels millimeter. For å illustrere nyvinninga, synte teamleiar ved RRM Longva, Egil Aakre, korleis produksjonen av desse delane var gjort fram til no. Det var lett å forstå at her var det mykje å hente både på kvalitet og hastigheit.
Positiv utvikling
Litt skepsis til maskiner som overtek manuelt arbeid har det vore, seier plassjef Tommas Brugrand, men dei tilsette forstår godt at det er ei naudsynt utvikling ved verksemda. Ein beheld arbeid lokalt som kanskje elles ville ha bli sett ut til lavkostland. Så alt i alt er dei tilsette svært positive.
Også i noverande lavkostland ser ein at løningar og kosnader aukar. Dessutan kostar frakt og kontroll. Då kan ein sjølvsagt tenkje nytt, eller tenkje slik det var – produsere meir lokalt, men no med ny teknologi. Høgteknologi med topp produktkvalitet, redusert produksjonstid og reduserte logistikkproblem. Slik satsing er med på å sikre lokal produksjon på Longva.
Fordelar for tilsette og verksemda
Forutan å sikre lokale arbeidsplassar, får tilsette meir interessante oppgåver. Ein frigjer ressursar til utviklingsarbeid. Manuelle operasjonar fell bort og innan HMS er det fordelar både når det gjeld tryggleik og støy.
Nye tider
Industri 4.0. Den fjerde industrielle revolusjon handlar om automatisering og digitalisering i produksjonen. Produkta tek til å bli ”intelligente” ved bruk av strekkodar og microchips. Produksjonsmaskiner veit kva dei skal utføre av prosessar så snart dei har scanna produktet sin informasjon. Ein frigjer menneskeleg ressursar til viktig arbeid innan m.a. kunnskap og utvikling.
CNC styring og robotar innan produksjonen er med på å hente heim produksjon frå utlandet. Smak på ordet homesourcing. Hente heim. Teknologien kan faktisk vere med på å kostnadstyre produksjonen tilbake til heimlandet.
Olav Skarstein