Rapport frå seminar om “Bygdemobilisering” 25.09.15
Birgit Kjerstad, Arnfinn Flem og Knut Flem var utsendingar til konferanse/seminar/møte mellom deltakarane i «Prosjekt Bygdemobilisering», som er initiert og støtta økonomisk av fylkesmannen. Vertskap og arrangør var Sekken tiltaksnemnd, som er ein av deltakarane i prosjektet. Dei to andre (forutan Øyrådet) er Norddal IL og Ålvundeid bygdalag.
Etter ein god biltur, tre ferjer og busstur på Sekken, var vi framme på «stemneplassen» og vart bydd på kaffi og rundstykke på kafé Bygdetunet. Deretter kom «Introtimen» på ungdomshuset, der kvar bygd skulle presentere sitt prosjekt. Dessverre var både Norddal og Ålvundeid hindra frå å møte, men fylkesmannen sin utsending, Synnøve Valle, sa nokre ord om deira prosjekt.
Norddal IL sitt prosjekt har landbruk, næringsliv og helse som basis. Dei vil m.a. arrangere løp som kan trekkje til seg folk utanfrå.
Ålvundeid bygdalag har m.a. planlagt eit motivasjonsseminar i oktober med Arild Hoksnes samt ein vinterfestival i mars 2016.
Synnøve Valle fortalde òg litt generelt om prosjektet «Bygdemoblisering», som har vore i gang sidan 2005. 40 bygder har fått midlar sidan den tid, og det virkar bra, meinte ho. Men det er dugnadsinnsatsen som «gjer susen», ikkje først og fremst pengane frå fylkesmannen. Den største utfordringa i prosjekta er å halde trykket oppe og unngå utbrente eldsjeler, sa ho.
For å lykkast er det viktig med «små synlege suksessar snart», sa Synnøve Valle vidare. Når folk ser resultat, er det mykje lettare å halde interessa og entusiasmen oppe. Elles viser erfaringa at resultatet oftast blir best der kommunen er aktivt med og der prosjektet er tydeleg forankra i lokalsamfunnet. Då er det lettare å få oppfølgjing frå kommunen og også økonomisk støtte. Kommunen vil helst ha ein godt forankra organisasjon å forhalde seg til.
Vi frå Øyrådet fortalde om vårt prosjekt og brukte nettsida som hjelpemiddel til å formidle informasjonen frå oss.
Etter ein «Fritime» med mat, omvisning på Gamleskulen museum og meir, var det tid for «Inspirasjonstimen».
Først ut var rektor på Trysil ungdomsskule og utflytta sekking, Mali Romestrand, som fortalde om undersøkinga «Ung i bygd og by – fakta og myter» mellom unge i ungdomsskulealder. Det viser seg at det er små skilnader mellom unge i bygd og by, bortsett frå tre område: bygdeungdom har mindre tru på å bli arbeidsledig, færre av dei vil ta høgare utdanning, og dei er minst nøgde med lokalmiljøet. På spørsmål om kva dei sakna visste dei ikkje heilt, men «kanskje fleire butikkar».
Tidlegare ordførar i Averøy og tidlegare styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug, hadde følgjande råd å kome med:
- Avliv Jantelova!
- Utnytt naturressursane
- Småskala næringsutvikling
- Starte mini næringshage
- Sel dykk sjølve i inn- og utland
- Skaff dykk venner – utflytta øyingar, politikarar m.fl.
- Inkludere hytteeigarar
- Framsnakking – snakk positivt om bygda/øya
- Ver truverdig
- Tenk langsiktig
- Inkludere omlandet og involvere andre
- Utnytt utflytta folk – der er mykje ressursar
- «Det er de sjølve som må skape framtida!»
c
Odd Arne Halås fortalde om Halåssetra i Eide kommune. Dei har restaurert setra og brukar ho no til både konsertar og teaterframsyningar og har storsvært med publikumsbesøk. For meir info, sjå heimesida deira: http://www.halassetra.no/
Bjørn Olsen tok utgangspunkt i Trysil, som er største vintersportsstaden i Noreg. Eitt av problema der er at vintersporten ikkje er heilårleg, og dermed heller ikkje arbeidsplassane. Men Olsen var optimist; no er det endring på gang i samfunnet (arbeidsløyse, nedgangstider), og det gir nye muligheiter! Det han sa elles i stikkords form:
- Det handlar om attraktivitet!
- Viktigast er arbeid/næring
- Lokal næringsutvikling er viktig for busetjinga
- Ikkje kopiér andre – finn dykkar eigen veg
- Sel dykk sjølve – få det ut!
- Samarbeide med andre – hjelpe kvarandre
- Vi får det vi fortener (input = output)
- Stayerevne – tolmod og uthaldenheit
c
Straks Bjørn Olsen hadde sagt sitt, bar det ut i bussen som tok oss til ferja, og vi var på heimveg. Både Kvalshaug og Halås tok same ferja, og praten heldt fram over fjorden til Molde. På Vestnes svinga Birgit mot Ålesund for ein konsert, medan Arnfinn og Knut sikta mot Skjelten og var heime kvart på seks.