Seminar om fiskerihistorie
Laurdag 26. august vert det arrangert eit seminar om fiskerihistorie på Gunnabuda på Longva. Overskrifta på seminaret er «400 år på Storegga», som viser til at pioneren Tomas Longva fann Storegga for omkring 400 år sidan. Dette vågestykket av ein seglas med open båt nesten 40 nautiske mil ut i havet – så langt ut at ein så vidt skimtar land – la grunnlaget for at folk på Nordøyane og kysten elles kunne hauste av dei rike fiskeplassane der ute.
For Storegga har vore som eit spiskammer for kystens folk, der ein kunne hente mat når det var skralt andre stader, og som kunne skape velstand i gode tider. På seminaret vert det fortalt meir om kven Tomas Longva var, om kva Storegga er og kvifor denne staden er så god ein fiskeplass.
Vidare får ein høyre om sunnmørsåttringen og korleis fisket med ein slik open båt gjekk føre seg, og om banklineskøytene og kva dei hadde å seie for utviklinga av Ålesunds-regionen. Det vert òg fortalt om tilverking av klippfisk slik det vart gjort heime i hundrevis av år, og sidan som industriproduksjon.
Utviklinga av linefisket det siste hundreåret vert skissert, og ein representant for linebåten «Geir» av Grytastranda vil fortelje om det moderne linefisket som no er mykje automatisert. I alt er det åtte foredrag som vil gi god informasjon om ein viktig del av vår lokale historie.
Både Sunnmøre Kystlag sin åttring og banklineskøyta «Storeggen» vert til stades. Deltakarane på seminaret vil få høve til å synfare begge båtane, og likeins eit åttringsnaust i nærleiken av Gunnabuda.
Dei av seminardeltakarane som overnattar, kan få skyss med dei to nemnde båtane tilbake til Ålesund etter frukosten søndag.
Arrangør av seminaret er Haram kulturhistoriske lag i samarbeid med Øyrådet.
NB! Dei som vil vere med på seminaret må melde seg på til Kjell Reiten via epost: storegga.seminaret@gmail.com
Frist for påmelding: 20. august.
Pris for seminaret inkl. lunsj m.m. er kr. 250,-.
Lurer du på noko meir, så kontakt Oddvar Longva, tlf. 977 03 545.