Seminar om næringsutvikling
Tysdag 20. september hadde næringsgruppa i Øyrådet invitert til seminar om næringsutvikling – med fokus på muligheiter som livet i sjøen gir. Tanken bak seminaret var å formidle informasjon og idéar om næring som kan utviklast ved å utnytte ressursar som er lite påakta, men som kan ha godt potensiale for kommersiell utnytting.
Fire foredragshaldarar var inviterte, og først ute var assisterande næringssjef i Møre og Romsdal, Ragna Brenne Bjerkeset. Ho forklarte kva fylkeskommunen si rolle i næringspolitikken er, og nemnde at fylket både er pådrivar og støttespelar for næringsutviklinga – m.a. har dei diverse tilskotsordningar.
Margareth Kjerstad frå Møreforsking fortalde om sjøpølsa og kongsneglen, som ho meinte hadde potensiale til å gi grunnlag for ny næring. Desse artane er lite nytta i Noreg, men er svært populære i mange andre land, særleg i Asia. Særleg sjøpølsa har potensiale for å bli ein lønsam eksportartikkel, meinte Kjerstad.
På Ellingsøya er det eit firma som heiter Firmenich Bjørge Biomarin. Dagleg leiar Karl Slotsvik fortalde at dei nyttar restråstoff frå fisk som dei brukar til å lage smakstilsetting i ymse matvarer, særleg supper o.l. Dei er eigd av det sveitsiske firmaet Firmenich, som er verdsleiande på å lage smakar og lukter som vert brukt i mat, parfyme m.m.
Til sist heldt Pierrick Stévant eit foredrag om tang og tare. Sjølv om desse artane til ein viss grad vert utnytta i Noreg, er potensialet så «uendeleg» mykje større. Tang og tare kan brukast til så mykje, både rett frå sjøen i matrettar, som smakstilsetting og tørka som krydder. Stoffet alginat, som vert utvunne av tare, vert brukt på mange område, m.a. i næringsmiddelindustrien, medisin og mykje meir. Det er venta at tare vil bli ei viktig proteinkjelde i framtida og såleis gi mat til både folk og fe.
Dei om lag 25 frammøtte var samstemte i at det var eit svært bra seminar med eit interessant og spennande innhald som gav informasjon og idéar om utnytting av «havets skattar» som grunnlag for næring.
Sjå Margareth Kjerstad sitt foredrag her, og Pierrick Stévant sitt her.