Seminar om næringsutvikling
Tysdag 20. september er det eit seminar om næringsutvikling på Nordøy Grendahus i regi av Øyrådet. Det har fokus på den marine sektoren og kva muligheiter det kan vere å skape ny næring med råstoff frå sjøen.
Seminaret varer frå kl. 17.00 til 21.00 med fire foredrag av ekspertar på ulike felt. Det blir fire bolkar à ein time som inneheld foredrag (ca. 30 minutt), deretter ei spørsmålsrunde (ca. 15 minutt) og så ein liten pause til neste foredrag.
Innimellom blir det «lett servering» av fingermat basert på marine råstoff, samt frukt. I pausane er det planen å få til litt idémyldring om næringsutvikling, og det som kjem fram vert lagt ut på sida her.