400 år på Storegga
Laurdag 26. august i år var rundt hundre personar samla til seminar på Gunnabuda på Longva. Tittelen på seminaret var som overskrifta her, med undertittelen Fiskerihistorie – frå handsnøre til moderne linedrift. Initiativtakar og primus motor for arrangementet var utflytta øying Oddvar Longva, i samarbeid med Haram kulturhistoriske lag og Øyrådet for Flemsøy/Skuløy.
Seminaret inneheldt ikkje mindre enn åtte foredrag av nokså ulikt slag, men som alle omhandla Storegga og fiskeri kvart på sitt vis. Mykje grundig og djuptgåande informasjon vart presentert. Attåt vart det servert framifrå fiskesuppe, nylaga Nordøy-song og muntert kåseri.
Vel sessa rundt borda i Båtsalen i 2. høgda, fekk deltakarane ei urframføring av den nye «Nordøyvalsen», laga av Liv Longva Nilsen. Eit lite songkor var stabla på beina for høvet, og låtskrivaren sjølv akkompagnerte på trekkspel.
Sjå teksten på Nordøysongen, og melodien.
Etter at leiaren i HKL, Sindre Rogne, hadde helst forsamlinga velkomen, og programleiar Oddvar Longva hadde mint om kor viktig fiskeria har vore for land og folk, slapp foredragshaldarane til.
I alt var det åtte forteljingar – om Tomas Longva som fann Storegga for 400 år sidan, om kva Storegga er og kvifor denne staden er så god ein fiskeplass.
Vidare fekk ein høyre om sunnmørsåttringen og korleis fisket med ein slik open båt gjekk føre seg, og om banklineskøytene og kva dei hadde å seie for utviklinga av Ålesunds-regionen. Det vart òg fortalt om tilverking av klippfisk slik det vart gjort heime i hundrevis av år, og sidan som industriproduksjon.
Til slutt vart utviklinga av linefisket det siste hundreåret skissert, og ein representant for linebåten «Geir» av Grytastranda fortalde om det moderne linefisket som no er mykje automatisert.
Innimellom vart det servert ei fortreffeleg fiskesuppe av Gunnabuda sitt mannskap, og Elias Rogne serverte eit kåseri av godt, gammalt merke – på rim med snert og humor.
Etter foredraga fekk folk synfare åttringen til Sunnmøre kystlag, som låg fortøydd ved Gunnabuda, og åttringsnaustet til Gunnagarden.