Ser ikkje skogen for berre tre!

Sitkagrana veks seg kjempehøg og trugar bustadar. Offentleg skogplanting har sjølvsagt eit økonomisk ansvar.
Sitkagrana høver ikkje for øyane. Det er ein tresort som tek plass, veks fort og fortrenger dei naturlege vekstane. På Fjørtoft har dei erklært krig mot sitkagrana. Dei har skipa eit eige lag og søkt om stønad til arbeidet. Heile 47 personar der har meldt si interesse om fjerning av skog. Nærmar seg eit par tusen kubikk. For å få skogryddingsfirma interesserte, må det likevel meir volum til. Ballen er derfor spelt til dei andre øyane. No i juli var selskapet Energihogst AS på synfaring på Haramsøy og Flemsøy/Skuløy
Energihogst AS held til i Austevoll. Selskapet har ein stor pram som fungerer som ei utskipningsbrygge. Ein skogsplattform som dei kallar det, med ein kapasitet på 10.000 m3 tømmer. Ein kan sjå denne kjempa, 92 m lang og 27 m brei, på heimesida http://www.energihogst.no/ . Transportskip hentar tømmer direkte frå plattforma og fraktar det meste til Tyskland. Selskapet er avhengig av eit tømmervolum som kan gje overskot, mellom 40.000 og 100.000 m3 for eit oppdrag.No var det synfaring på Haramsøy, der dei m.a. såg på ein skogsteig på garden til Anne Kristine Haram og Ole Einar Flem. Og synfaring på Flemsøy/Skuløy der m.a. Johan Nogva og Geir Longva har aktuell skog.
Dagleg leiar i Energihogst AS, Lyder Birkeland, seier at dei gjerne kjem på synfaring til fleire aktuelle skogsteigar. Og dess fleire som er med, dess større sjanse er det til at ting kan skje. Med naudsynt volum kan våren 2018 vere aktuell start på hogstprosjektet. Garanterer ikkje at at verdien av tømmeret vil vere nok til oppgjer, men vil sjølvsagt gje eit anslag før avtale vert gjort.
Eldskjeler
På Fjørtoft er Aud Marit Davik ein ressursperson. På Flemsøy/Skuløy vil Geir Longva ta eit tak no i startfasen. Med nok interesserte kan øyane få gjort noko med gjengroinga. Det er derfor viktig at folk med skog som dei ønskjer å få bort, tek kontakt med Aud Marit Davik, Geir Longva eller direkte til Energihogst AS. Lista over interesserte på 3 øyar tel no 59 namn.Aud Marit Davik er den som har jobba lengst med saka på Nordøyane. Ho har vore sentral i skiping av lag, som har fått tilsagn om stønad frå Miljødepartementet til utreiingsarbeid og frå Landbruksdepartementet til utsiktsrydding. Her er det høve for andre lag til å søkje om liknande stønad. Ho seier likevel at dette ikkje gjeld for små eigedomar med eige bustadshus. Desse må kunne rydde sjølve.
Fleire på bana
Tre øyar er på bana. Ei i føring, to i siget. Men her er fleire øyar på sidelinja, m.a. Lepsøy, Harøy og Finnøy. Kva med fastlandet, gror det igjen på Hildre?
Aud Marit Davik vil at fleire kjem i spel slik at sitkagrana tapar kampen.
Olav Skarstein