Sjøsetjing på dugnad.
Vår og varme. Nysmurde båtar skal på sjøen. Så også vikingskipet ved Gunnabuda på Longva. Litt for tungt for ein kar aleine. Då er det dugnad.
Melding på facebook: Sjøsetjing av vikingbåten. Treng 6 – 8 kraftige karar. Det kom 8 – 10 mann og bretta opp ermane og fekk skipet på havet. Dugnadsånda lever i landet, og særleg på bygdene. Etterpå var det kaker og kaffi og prat som omhandla både historie, slekt og humor.
Uwe Kleinhans er kaptein på skipet og legg ned mange timar både til stell og turar. Skipet vert nytta heile sommarsesongen ved Gunnabuda. Mange vaksne og born har hatt gleda av turar på Longvafjorden. Sidan vi nyss har sett at Sjøfartsdirektoratet har sine krav til Osebergskipet om motor og merka naudutgangar, lurte vi litt på krava til dette skipet som lett kan ta 20 personar? Er dette også klassifisert som passasjerskip? ”Langvin” har motor, segl og årar. Men svært få får vere passasjerar. 10 årar og muskelkraft frå 10 kvinner og menn er den viktigaste framdrifta – mannskap!
Denne kopien av eit vikingskip er bygd i Bjørkedalen. Båtbyggjaren heiter Jakob Hjelset. Skipet er på 33 fot, har ikkje original mast, men ei ”drivmast” var funnen i fjøra av Atle Longva. Masta vart tilpassa skipet og segl vart sydd. Skipet vart kjøpt for ca. 15 år sidan, og har vore i trufast teneste etter det.
Langvin, som båten heiter, er eit gamalt Longva namn. Lang og long, vin og va. Det har ikkje med fjøre eller langgrunt å gjere, men marka ”vin” mellom fjell og sjø. På øya er også det motsette namnet å finne: Nogva eller gamalt: Nogvin.
Tenk at gradestokken på ein mai-dag kunne finne på å snuse på pluss 22 ute på kanten av landet. Vindstille og svett i berre t-skjorte. Modige unge vassa forsiktig. Ein dag å leve i. Likevel ikkje sommar heilt enno!
Olav Skarstein