«Skårungen» på Gamleskulen
Det er ikkje berre på TV og i Lofoten det er skårungar. Søndag hadde vi ein slik både på film og «live» på gamleskulen på Flem. Laget Gamleskulen hadde invitert til framsyning av dokumentarfilmen «Skårungen», som vart innspelt vinteren/våren 1962. Det var premiere på filmen i mai 1964 og den gjekk på Longva ungdomshus med to stappfulle forestillingar.
Filmen vart spelt inn på fiskebåten «Henko» av Longva med Harald O. Longva – Henko-Harald mellom øyfolket – i rorhuset, og dermed ein av hovudpersonane. Sjølve skårungen var 14-åringen Peter Drabløs frå Ålesund, også kjend frå barnefilmen «Petter fra Ruskøy» frå 1960. Ein lokal gut, 15-åringen Jan Arne Longva, var med i ei birolle som kamerat til skårungen. Ei noko eldre utgåve av dei to var fysisk til stades på Gamleskulen.
Drabløs fortalde om mange dagar med sjøverk, men også at turen på sjøen og filminnspelinga hadde gitt han opplevingar og kunnskap for livet. Det eine var at han fekk innblikk i korleis ein film vart til, noko som har kome til nytte for han som teatermann seinare i livet. Det andre var ein lærdom og eit innsyn i fiskarlivet som gjorde at han fekk ein djup respekt for fiskarane og deira liv og arbeid.
Mykje folk var møtt fram for å sjå filmen. Mange hadde ikkje sett han før, og for andre var det minst ein mannsalder sidan sist. Det er dessutan alltid kjekt å sjå «sine eigne» i ein slik film, ikkje minst dei som har forlate oss. Difor måtte publikum delast i to – ein del til å sjå filmen og den andre delen i naborommet med kaker og kaffi, og omvendt i framsyning nr. 2. Slikt går an når filmen berre er på ca. 25 minutt. Kinosjef var Olav Skarstein.
All ære til Laget Gamleskulen for tilstellinga. Dei hadde fått tak i filmen og konvertert han til DVD, laga kaker, sveler, vaflar og rundstykke og kokt kaffi og såleis stelt i stand ei solid sosial stund med film- og fiskehistorie samt livat prat og hygge rundt kaffiborda.