Skispor ytst i havgapet
Nordøy Idrettslag er klar med snøscooter og løypeleggar når snøen er på plass. Kilometervis med gode skispor over heile øya. Dei unge testar om ski og akebrett verkar!
Skispora snor seg langs vegane, over jorde, i skogkanten og langs havkanten. Det er ikkje i dei tøffaste bakkane, derfor høver løypene for både born og vaksne. Jan Arne Longva som køyrer løypeleggaren for idrettslaget på Flemsøy/Skuløy, meinar at det er mellom 15 og 20 km løyper på øya no.
Løypelegging
Det er vanlegvis ikkje lange snøvintrar ute ved havkanten. Det gjeld derfor å nøyte seg når snøen kjem i rett mengde. Det var rundt 2007/2008 at første ideen om å lage skiløyper vart fødd i idrettslaget. Eit par tre år fekk laget låne utstyr på Stette. Men så fann Nordøy Idrettslag (NIL) ut at ein ville ha eige utstyr på øya, nettopp for å kunne legge skispor med det same snøen kom. Ein snøscooter vart kjøpt inn i 2010 og ei lokal verksemd, Aakre Mekaniske, laga ein sporleggar. Sidan den gongen då, har idrettslaget levert skispor til folket når snøen har lagt seg.
Fine løyper og kjekt med snø
Sidan det er så stort løypenett, treng ein ikkje gå i kø. Ein kan velge eit roleg område og gå litt for seg sjølv, eller gå saman med andre. På ein stålande søndag med sol og vindstille var mange ute i løypene eller berre i snøen. Tre unge gutar, Petter, Noah og Evan Johan brydde seg ikkje om skiløypene, dei var i gang med ei snøborg som skulle nyttast til snøballkrig.
Linda Nogva Vedeld i skisporet, så positiv til flotte løyper. No kunne ho gå den 2,3 km lange turen til butikken på Longva på ski. Fine løyper og lett å gå. Trekløveret Aurora Longva, Aslaug Longva og Reidun Longva Austnes gav stor honnør til idrettslaget. Fantastiske løyper, til dels med dobble spor i den vanlegvis veldig korte skisesongen. Reidun som bur på Haramsøy og høyrer til idrettslaget der, kunne fortelje at ho på grunn av desse flotte skiløypene til Nordøy Idrettslag, også hadde vore medlem i NIL.
Tre unge damer, Emilie, Iselin og Camilla synest at det er kjekt med snø. ”Sidan det er så sjeldan med snø, er det greitt å få teste om ski og akebrett verkar”. ”Er det kaldt å leike i snøen” spør eg, ”Nei” seier Camilla, ”Det er ikkje kaldt når vi brukar skikkelege utekle”.
Første skituren
Ved Gamleskulen på Flem dukkar det opp ein ung lovande skiløpar, Håkon Åkre (snart 3 år). Første skitur med eit stort smil. Mamma Sigrid Rogne er god å ha som støttespelar og det verkar som denne skituren kan vere starten på venskap med vinterlandet. Berre snøen kjem og idrettslaget er klar med løypeleggaren.
Olav Skarstein