Skjønnheten og Udyret
Walt Disney musikal på høgt nivå. Ungdomane i UL Fram, Rogne tek publikum med storm. Få teaterkrefter på Sunnmøre som kan matche denne teatergruppa.
Glimrande skodespel og gode sangprestasjoner. Nesten to timar med fullt køyr, raske og elegante sceneskift. Førti ungdomar spelte, sang og dansa oss gjennom ei spanande eventyrverd. Så realistisk at vi kunne høyre ein ung gut i salen kviskre: Pappa no er det skummelt.
Ungdomane på Rogne har i dei siste åra hatt hovudprogrammet i jonsokfeiringa på Rogne, der det er brudepar, rømmegraut, pølser, diskotek og skodespel. Skodespelet har etter kvart teke stor plass og dreg fulle hus. Mykje sang og mange gode stemmer. Emilie Ulla Otterlei som spelte Skjønnheten hadde fleire solistinnslag og fekk velfortent applaus. Også Anna Høistad Bergheim (Mrs. Potts) hadde ei nydeleg stemme. Men vi kunne lett nemnt ei drøss fleire kjempegode stemmer. Ungdomane levde seg godt inn i rollene, ja det såg ut til at dei kosa seg på scena.

På slottet. Lumiére, Cogsworth og Udyret med spegelen Som viser kva du vil. Albertine Flem Rogne, Martine G. Austnes og Petar Milic.
Alle hovudrollene var godt tolka, likevel får Syver Flem som tolka Lefou ei ekstra stjerne. Både mimikk, spel og sang satt som eit skudd. Terningkast seks. Albertine Flem Rogne (Lumiére) og Martine Gunnarstein Austnes (Cogsworth) var gledespredarar i sine roller.

Skumle planar på kroa. Lefou, Gaston og Monsieur D’arque. Syver Flem, Eskil Flem og Jonas Remii Nogva
Elegante sceneskift på ei trang, men funksjonell scene. Nøye planlegging må til for å få kabalen til å gå opp med så mange aktørar. Knirkefri endring av scenebildet som skodespelarane sjølv ordna. Scenografi og Scene ved Linda Nogva Vedeld og Jon Nogva.
Må også nemne kostymer. Ikkje berre 40 kostymer, nokre av ungdomane hadde fleire roller. Og mange av kostymerne har tatt lang tid å lage. Ca. 75 kostymer. Kostymesjef og eldskjel Linda Nogva Vedeld. Stort sykorps hadde vore i sving. To eldskjeler til: Marion Høistad Bergheim med musikk og lyd og Reidunn Rogne Flem var saman med Linda instuktørar/koreografar.
Olav Skarstein