Referat frå møte i Skulebu-gruppa 24.03.16
Stad og tid: Sjurgarden kl. 14.00
Til stades: Kåre Flem, Jan Arne Longva, Severin Longva og Knut Flem
Forfall: Arnfinn Flem
Sak 1. Status for byggearbeidet
«Byggeleiar» Jan Arne orienterte om stoda for byggearbeidet per dags dato. Grindverket for veggane er ferdig og bordkledninga er påkomen. Bordkledninga er grunna og har fått eit strøk med beis (litt mørk gråfarge). Neste steg er å montere ein dragar i mønet og bygge taket.
Sak 2. Råd frå fagfolk
Sjølv om fleire i Skulebu-nemnda har erfaring frå husbygging, var det semje om å innhente råd og rettleiing frå fagfolk på tekniske løysingar og ulike detaljar for å kvalitetssikre byggverket.
Sak 3. Økonomi
Det er så langt fått inn 62.000 kroner i pengestøtte til Skulebua etter søknader. No når hytta tek til å vise i terrenget, vil arbeidet med å samle inn pengar bli intensivert. Det vil bli søkt om tilskot frå bedrifter på øya, velforeningar og andre lag, og kronerulling og andre metodar kan vere aktuelt overfor privatpersonar.
Sak 4. Grunnarbeid
I løpet av våren skal tomta oppe på Skuletoppen gjerast klar for hytta. Det vart noko diskusjon om fundamentering, men det var semje om støyping av fundament og kanskje forankring med boltar i fjellet. Nemnda skal snarast råd synfare området for å finne den beste plasseringa m.a. med tanke på fast og god grunn. Deretter blir det å organisere ein «stordugnad» for å grave ut tomta og køyre til stein. Vi håper då å få fleire traktorar til å stille.
Til støypearbeidet trengst sand/sement (ferdig i sekkar), vatn, armering m.m., og tanken er at traktorane skal ta med tilfang og utstyr når dei køyrer opp på fjellet.
Sak 5. Helikoptertransport
Den ferdige hytta vil truleg bli frakta opp på fjellet med helikopter. Severin kontaktar Nord Helikopter, som har base på Vigra, for å få informasjon om pris, løftekapasitet m.m.
Møtet slutt kl. 16.00
Referent: Knut Flem