Skulebua på flyttefot
Ein del av Skulebua – m.a. veggar, dragar i mønet og takbjelkar, samt benkar langs veggane – er bygd ferdig inne i sjøbuda til Harald Longvanes. Bygget er no demontert og vart i dag (11. mai) frakta frå sjøbuda og opp i løa til Jan Arne Longva som mellomlagring før turen går opp på fjellet.
Grunnarbeid og klargjering av tomta står no føre. Det viser seg at der er nokså djup myr der hytta er tenkt plassert, så å lage fundament for bygget blir ei utfordring. Muligens kan det bli aktuelt å setje hytta på pålar.
Når tomta er klar, vil dei ferdige modulane bli frakta opp på Skuletoppen, og hytta blir etter planen fullført i løpet sommaren.