Skulebua treft av lyn!

Skulebua i flammar! Foto: Dag Nogva
Skulebua brann heilt ned.
Lyn og torden og sterk vind levna ikkje bua ein sjangse på toppen av Skulen på Skuløy/Flemsøy.
Toppen av fjellet er dårleg tilgjengeleg i hasteoppdrag og særleg ikkje når vêrgudane har uversdagen sin.
Skulebua er bygd på dugnad og har sidan opninga i 2017 hatt ei mengd med gjestar.
For å få bua på plass vart det nytta helikopterteneste, men også mange ei tung bør på ein sterk rygg.
Så kom vêret med all si makt, ei makt som norskekysten er vel vand med.
Når du får alt på ein gong, regn på tvers, lyn og torden, svarte natta, 500 meter over havet og ein vasstrukken sti i ulendt terreng – du kan ikkje gå oppreist! Du kan ikkje slokke ein brann, du kan ikkje slokke noko som helst, du er hjelpelaus.
Skulebua som i fleire år har vore ein møteplass, ein kvileplass, ein rasteplass og ly for vind og vêr tok kvelden 22. oktober 2024.
Kreftene som bygde bua, har ikkje krefter til reprise. Velvaksne treng påfyll av yngre krefter.
Men kompetanse og teikningar og erfaring er lagra!
Stå på!
Olav Skarstein