Skulekorpset med vårkonsert
Den tradisjonelle vårkonserten med Flem skulekorps gjekk av stabelen på Nordøy Grendahus søndag 13. mars. Salen var pynta til fest, og korpset sjølv pynta scena med musikantar i stilige uniformer.
Det har vore meir publikum på tidlegare vårkonsertar – det var beint fram tynt i rekkene ved borda. Noko av årsaka var kanskje at siste rennet i skiskyting-VM i Holmenkollen gjekk akkurat same tida. Mange hadde nok lyst til å sjå om Johannes greidde å knekke Fourcade ein gong.
Korpset spelte to avdelingar med eit variert repertoar. Der var både sarte og gjennomsiktige stykke og melodiar med meir rytme og trøkk, kjende slagerar og filmmusikk.
Absolutt høyrverdig musikk for oss i salen, sjølv om det nok kunne observerast litt smårusk i maskineriet innimellom. Som nyslått korpsleiar (og korpsmusikar), Inger Beate Hjørungnes, sa etter konserten: «Det kunne ha vore betre, og det kunne ha vore verre». Og slik er det vel alltid.
Dirigent var og er Slavey Stoyanov, som i mange år no har vore trufast og inspirerande musikalsk leiar for korpset og musikklærar på øya.
Etter pausen var også aspirantane på scena og framførte fire låtar. Dei hadde hjelp av to «store» på rytme samt lærar Slavey på kornett. Dei fem aspirantane fekk òg delta i eit par nummer saman med heile korpset.
Som seg hør og bør var det rikeleg med fine, gode kaker og andre ting å putte i magen, og sjølvsagt utlodding.
Flem skulekorps har vore ein kulturinstitusjon på øya i 55 år, og ein viktig arena for læring av musikk, sosiale ferdigheiter og andre gode ting. Mange korps slit med å halde drifta gåande og somme vert lagt ned, men korpset vårt har mange medlemer og ser ut til å ha ei solid drift.