Smakfullt samarbeid
Nordøyane Storband & aChoir løftar kvarandre fram i ein fin søndagskonsert i Haramsøy Samfunnshus. Mange gode solistar.
aChoir frå Brattvåg og Nordøyane Storband (NSB) har laga lyd saman før. Vi ser fram til meir av dette slaget, godt samarbeid til glede for alle som likar god musikk. Varriasjon med koret eller storbandet aleine, samt felles. Dessutan hadde aChoir med seg eige band (Ivar Holsvik, Lars Øverås, Ketil Strand og Bjørn Skjelten) til nokre av låtane.
aChoir
Dirigent Turid Skjelten kunne fortelje at det var stor takhøgde for kormedlemane for å kunne skine ei stund som solistar. Ikkje noko krav, men alle som har lyst får prøve seg. Og solistinnslaga kom tett. Trur at meir enn halve koret var innom solo, nokon litt – andre meir. Skal ein driste seg til å nemne ein, må det bli tenoren Roger Sylte. Han imponerte i Standing By og Feelin’ Good.Ny og betre scenografi. Koret inviterer til å bli med i samstemte takter. Har ei bølge av flyt og rytme som lokkar. Vi har kosa oss saman med NSB denne helga, sa Skjelten. Kjekt å kome ut på Haramsøya.
NSB
Hallgeir Remme førde ordet for NSB og konserten, samt trommeskinn og cymbaler. Kort og konsis. Fokus på musikk. Program med alt vi treng å vite om musikk, solistar, komponistar m.m. er utdelt ved inngangen. Det var lita skrift og mørkt i salen.
NSB har haustforma inne og leverte. Det svinga ofte, og også her krydra det med solistinnslag.
Må nemne to. Først Pål Forr Austnes på piano. All of Me – eller All of Pål. Han tok med seg salen i ei frydefull ferd over pianotangentane. Ny tur er med dette tinga. Den andre, Erlend Hagen i ein forrykande gitarsolo i Smooth. Blir det ikkje luftgitar i heimane etter dette, så veit ikkje eg.
Musikk, hygge og vere i lag – og det svinga
Vel 150 i salen og 43 på scena. Dei som kom, dei hygga seg, noko ein kunne sjå og høyre. Tid til felleskap og alle desse gode kakene. Fellesskapet ville liksom ikkje ta slutt. Ikkje viktig å kome fort ut, men å få prate med mange. Å kome saman på denne måten er nok bra både for kropp og sjel.
Til dirigent Arvid Steen i NSB – Gratulerer med finfin konsert!
Olav Skarstein