Sommareventyr for born i Haram
Ro vikingskip, skyte med pil og boge, steike vikingbrød og spele kubbespel i sommarvarmen ved Gunnabuda på Longva. Ein perfekt sommardag.
Det nærmar seg slutten på eit lite sommareventyr for ein del skuleborn i Haram. I dag var det 15 som var med på turen til Longva, men totalt har 42 born i alderen 7 – 12 år vore med på ei rekkje opplevingar i Haram ferieklubb. Både opplevingar i kommunen og nokre turar lengre vekk.
Vikingtid på Longva
Tre og ein halv time vikingtid. Oppdeling i grupper og i gang med aktivitetar. Kubbespel, eit spel frå vikingtida. Kjent frå Gotland. Like aktuelt i dag. Borna jubla for kvart eit poeng. Vikingblodet kom til syne ved stor kampvilje. Pil og boge med kyndig instruktør, Uwe Kleinhans, fekk borna på trua at dette kunne dei meistre. Gode bogar og stødige piler fann blinken etter kvart. Det er ikkje gøy utan mat og drikke. Brødmat og frukt, og på ei bålpanne fekk dei steike vikingbrød. Eit brød laga av kveitemjøl, havregryn, smør, honning, karve og vatn. Borna forma, steikte og åt. Godt, kan eg få meir?Eit flatt hav gjorde vikingskipferda til ei grei oppgåve. Ingen seglvind, så det var årar som gjaldt. Tunge årar for dei minste, og så var det med styrbord, babord og rotakt. Mange fekk prøve seg som styrmann med roret på styrbord side. Alle vikigane kom heile til land med perfekt styring inn mot brygga.
Tilbod om 5 veker aktivitet vart sendt til alle skulane i kommunen og utdelt til elevane.Det er andre året at kommunen har dette tilbode med midlar gjennom TBU (Tiltakstenester for Born og Unge). For å få økonomien til å gå rundt, er det ei rimeleg deltakaravgift. Stor pågang i starten. Nesten alle som søkte fekk plass. Det er born frå mange nasjonar, positivt når det gjeld samhald og integrering. Samt å få vener uavhengig av nasjonalitet og alder. Mange glade born.
Fem veker med eventyr! Ei reise i oppleving som truleg mange andre ikkje har fått med seg enno. Borna har vore fylket rundt, frå Atlanterhavsparken i sør til Moldebadet i nord. Mest aktivitet i Haram med kjekke aktivitetar.T.d. riding på Fjørtoft i stålande sommarvêr og kosestund på sandstanda der. I tillegg forstår vi at dei tilsette gjer sitt for at borna skal ha det gøy. På tampen av dagen på Longva prøvde Dan Roger Lid seg som ei tivolimaskin med born på ryggen. Ein aktivitet som borna ville ha meir av, men maskinen gjekk tom for energi.
Kva seier borna? Bayan Darvishi og Ingrid Håvik Hildremyr hadde hatt det gøy på tur i dag. Vore med på alt. Var med å vinne kubbespel. Dei hadde tidlegare vore med i Hildredalen, Gjersetdalen, Atlanterhavsparken, Bowling i Brattvåg og Moldebadet. Kjekt å bade. Og kanskje får vi bade i Skjeljavika (Brattvåg) i morgon!
Olav Skarstein