Sosialt dekkskift
Seaside Custom på Rogne har dekkskiftdag to gongar i året, når sommar- eller vinterdekk skal byte plass. Klubben sin hall vert då plass for arbeid og drøs.
Mykje drøs. Det er lett å bruke meir enn dekkskiftetida i Seasidehallen. Bilprat og dekkprat, eller lokalt viktig å vite prat. Vert det for kjølig i hallen, er klubblokalet oppvarma og vaffelpressa i gang med vaflar laga frå grunnen av. Ikkje noko Toropose her i garden, seier vaffelsjefen Per Gunnar Øines. Ikkje ein gong trikset med vaflar frå botn ved å opne Toroposen nederst.
Dekkval. Medan ungdomar og vaksne effektivt skiftar dekk, kontrollerar lufttrykk og hjulboltar, sjekkar om dekka har nok mønster og andre ting ein kan sjå når bilen oppe på løftebukken og dobbeltsjekkar at mutrar er rett teita, så går altså praten om det meste.
Kva er kriteriet for val av vinterdekk? Jau, mest vane og litt dekktestar i media. Nokon svergar til piggdekk, medan andre er overraska over kor bra det går med piggfritt. Ekteparet Trine Søvik Rønning og Christian Rønning har kvar si meining. Ho vil ha piggdekk, vere sikker på glatt morgonføre. Han køyrer piggfritt og koplar inn 4-hjuls trekket dersom det er svært glatt. Greitt å ha to bilar i slike høve. Kva dekkmerke dei vel, er litt etter pris og litt etter tilråding. Peder Rogne køyrer piggfritt. Det er like bra som piggdekk seier han, med unnatak av vatn på is. Dekkmerke bryr han seg ikkje om, han ber den lokale dekkforhandlaren om ”gode vinterdekk”.
Seaside Custom. Klubben har hatt tilbod om dekkskifte i 6 år no. Første gongen var våren 2012 med vanleg jekk og hjulkryss. No er utstyret på eit langt høgre nivå. Kundane er både unge og godt vaksne. Mange har store bilar med breie og tunge dekk, og då er det fint å få løfta bilen. Dekkskiftdagen gjev klubben kjærkomne inntekter. No nyttar nokre lokale verksemder klubben til dette arbeidet, tyngre bilar gjev klubben enno nokre kroner i pluss. Klubben sel praktiske dekkposar, men har enno ikkje kapasitet til noko dekkhotell.
Det er vanskeleg å velje rett dato for dekkskifte. I utgangspunktet er den off. datoen 1. november, medan naturen gjev blanke og speglar vegen med is i oktober. Slik også i år. Potensielle kundar skifta då sjølve og reduserte klubben sine inntekter. Det gjeld å lure naturen ved neste korsveg!
Heile fem av eit mannskap på tolv var ungdom. Dei gjorde ein framifrå jobb. Mellom alle desse mannlege hormon, ei jente, Frida Otterlei, som viste at det ikkje berre er gutane som kan bil og dekk. Ho drøymer dessutan om ein bil frå 60-talet. Ford Anglia, den med innover skå bakrute.
Lys blå.
Olav Skarstein